Friele inn i kampen for skipstunnel
Fylkesordførar Nils R. Sandal er glad for å ha ordførarane i Bergen og Ålesund med på laget som kjempar for skipstunnel gjennom Stad. Nils R. Sandal trur dei to kan vere viktige støttespelarar i kampen om kronene.
Publisert 21.01.2006 10:45. Oppdatert 21.01.2006 13:27.
- Skriv ut
Herman Friele. Foto: Marit Hommedal, Sc anpixOrdførarane Arve Tonning i Ålesund og den meir kjende kollegaen lenger sør, Herman Friele, har erklært at dei vil bruke sin politiske sjarm til å jobbe for realisering av den mykje omtala Stad skipstunnel.
Dette set sjølvsagt fylkesordførar Nils R. Sandal pris på.
Han seier sjansane for realisering av tunnelen blir større jo tyngre presset blir.
Tredelt grunn
Bergensordførar Herman Friele seier grunnen til engasjementet er tredelt. Tryggleik for menneske, sikrare transport av varer og tenester, samt hurtigare transport som også gir økonomisk vinst.
Tunnelen vil koste minst 800 millionar kroner, og skal trygge skipsleia forbi landet sitt vestlegaste og svært vérharde punkt.

- Trygge på kaffifrieleTidlegare hurtigruteskipper i 23 år, Audun Dybedal frå Vågsøy, er ein av mange som har kjempa i over tjue år for Stad Skipstunnel. Han er svært glad for støtta frå Friele og Tonning. Han vil sende ei hjarteleg takk til dei fordi dei forstår verdien av tunnelen. - Det er nettopp det som har vore vanskeleg å få fram. Men når kaffifriele og den gjengen der tar til orde for tunnelen, er vi trygge på at det fører fram, seier han.
Foreslår bompengefinansiering
Skipsreiar Dan Odfjell seier til Bergens Tidende at dersom staten ikkje får i gang bygging av Stad Skipstunnel innan rimeleg tid, bør bompengefinansiering vurderast. Odfjell seier dette kan fungere som ei gulrot for å få private til å gjennomføre prosjektet.
Stad skipstunnel
- Starheim: Han stoppa skipstunnelen
- - Nytt håp for skipstunnelen
- - Historisk dag for skipstunnelen
- Skipstunnel manglar støtte frå NHO
- Håpa på støtte frå høgreleiaren
- Framleis moglegheit for Stad-tunnel
- - Løftebrot om skipstunnelen
- Skipstunnel utsett på nytt
- Ap utan lovnad til skipstunnel
- Skuffa forkjemparar
- Krev garanti frå regjeringa
Siste: Sogn og Fjordane
- Klar for å møte gamlelaget
- Vart matchvinnar i debuten
- Eldre må betale for gratistenester
- - Verdas mest avanserte på prøvetur
- Motorsykkel mot bil ved Myrmel
- Thorsnes kjempar om Ukraina-kamp
- Hilmar (75) nektar å la seg flytte
- Duo med ambisjonar
- -Internasjonale sogningar
- Lanserer tidenes lag frå fylket
Siste: Sogn og Fjordane
Klar for å møte gamlelaget - Vart matchvinnar i debuten
- Eldre må betale for gratistenester
- - Verdas mest avanserte på prøvetur
- Motorsykkel mot bil ved Myrmel
- Thorsnes kjempar om Ukraina-kamp
- Hilmar (75) nektar å la seg flytte
- Duo med ambisjonar
- -Internasjonale sogningar
- Lanserer tidenes lag frå fylket












Dronninga tok spaden fatt