Hjelmeset vart norgesmeister
Odd-Bjørn Hjelmeset vart norsk meister på 15 kilometer klassisk. Han gjekk inn på tida 39.41.10. Nummer to vart Jens Arne Svartedal.
Publisert 19.01.2006 15:14. Oppdatert 19.01.2006 15:30.
- Skriv ut
Odd-Bjørn Hjelmeset tok sitt niande NM-gull og sikra seg plass på laget til OL i Torino då han vann 15-kilometer klassisk under opninga av norgesmeisterskapen på Kongsberg i dag.
Nøgd med løypa
Glopparen var 11,3 sekund føre sølvvinnar Jens Arne Svartedal. Og det var ein kjempeglad meister NRK møtte rett etter målpassering. For etter ein lengre periode med muskelsmerter var det på førehand slett ikkje sikkert det ville gå rette vegen.
- Sjølv har eg følt at eg var i veldig god form. Men når eg no har fått orden på den dårlege ryggen og dei dårlege hoftene vart eg kanskje endå betre, smiler Hjelmeset.
- Det var ei fantastisk løype. Då eg gjekk rundt løypa i går vart eg i godt humør. Og i dag stemte alt. Då eg gjekk ut på siste runda visste eg at dette skulle eg greie, fortel glopparen.
Djupvik på sjette
Klubbkamerat i Fjellhug/Vereide Hyen Skilag, Roger Aa Djupvik, gjekk inn til ein uventa 6. plass. Andre Haugsbø frå Gaular enda på 12.plass.
Odd-Bjørn HjelmesetSiste: Sogn og Fjordane
- Rektor politimelder politiet
- Ny stor Havyard-kontrakt
- Fylkesmannen avviser Berg-klage
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
- Rektor politimelder politiet
- Ny stor Havyard-kontrakt
- Fylkesmannen avviser Berg-klage
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF


















Melodi Grand Prix i Florø