-Rev og jerv like farlege

Raudreven kan bli ein like stor trussel mot sauer som jerven. Det seier viltforvaltar Hermund Mjelstad hos fylkesmannen etter at revebestanden no ser ut til å auke.
Publisert 09.08.2002 09:30.
- Skriv ut
-Viss ein slår saman tala på drepne sauer frå heile fylket, vil skaden bli like stor som jerven. Men det vil ikkje bli så store tap per bonde, då reven tek færre dyr om gongen, seier Mjelstad.
Sjølv om skadeomfanget enno ikkje er innmeldt, er rapportane eintydige - spesielt frå Sogn. Reven har drepe mange lam i år. Det blir også meldt om mange hi, noko som tyder på at bestanden veks.
Årsaka til den sterke veksten kan vere at det som har halde talet på raudrev nede dei siste 20 åra har byrja å sleppe taket.
-Det er skabben som har halde revebestanden nede her i fylket i mange år, men no har skabben begynt å avta, fortel Mjelstad.
Totalt blei det kravd rovvilterstatning for 1800 dyr i Sogn og Fjordane i fjor. Jerven fekk skulda for mesteparten, men så langt i år har den drepe få sauer. Det kan skuldast både den omfattande jakta i fjor, og at den varme sommaren gjer at jerven ikkje har byrja å hamstre til vinteren enno.
Men Mjelstad meiner dei dyra som blir drepne av rev får ein langt meir smertefull død, enn dei som havnar i klørne på jerven.
-Jerven har ein svært kraftig kjeve, og drep dyra raskt. Men reven må gjerne bite fleire gongar for å klare å ta livet av lammet, avsluttar viltforvaltaren.

















Sol og sommar i fylket