26.05.2012

Opnar for trynering

Statens dyrehelsetilsyn vil tillate trynering på gris igjen, berre seks år etter at det vart totalforbode. Det reagerer Dyrebeskyttelsen på.

Leiar i Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane, Randi Aaretun, seier dette er eit stort tilbakesteg, og meiner gris burde vore spart frå å få ein ring i trynet sitt.

Det er næringskomiteen på Stortinget som har bede om at det må opnast for dispensasjonar frå forbodet mot knavring, det vil seie å sette ring i trynet på gris. Grunnen er at med slike ringar vil grisane slutte å grave i jorda med trynet sitt. No har Statens dyrehelsetilsyn sendt ei ny forskrift ut på høyring, der det etter seks år med forbod igjen blir opna for knavring. Aaretun meiner både dyrehelsetilsynet og politikarane er på kollisjonskurs med det norske folket, som ifølgje undersøkingar vil ha mat frå dyr som har levd eit godt liv.

Dyrehelsetilsynet argumenterer for trynering med at det ikkje berre vil temme grisen si lyst til å rote i jorda, men og vil redusere faren for at grisepurkene ligg i hel grisungane. Det har Aaretun ikkje noko tru på, som meiner det berre er næringspolitikk som ligg bak.