26.05.2012

Mangel på lærarvikarar

Det er ikkje mogeleg å få tak i kvalifiserte lærarvikarar i Sogn. I Lærdal må dei i enkelte tilfelle setre inn ufaglærte eller studentar til å undervise.

 

Skulesjef Gunnar Stundal i Sogndal seier dette har blitt eit stort problem, og at det har blitt verre og verre dei siste åra.

Faste lærarar får ikkje etterutdanning

- Det er vanskeleg å skaffe lærarar som kan vikariere slik at vi kan greie å gi dei som er i stillingane kompetanse i forhold til dei nye læreplanane. Konsekvensen er at vi set i gang med nye læreplanar og lærebøker utan at mange av lærarane har fått den hjelpa dei treng for å kome godt inn i det nye kunnskapsløftet.

Ikkje berre i Sogn

Stundal meiner det ikkje berre er i Sogn at det er vanskeleg å skaffe vikarar.

-  Vi hadde god lærardekning, men no ser vi at behovet for utskifting er blitt større og større, mange har gått av med pensjon, og då viser det seg at behovet for overkapasitet på lærarar er faktisk blitt det største problement vårt. Vi har pengar til etterutdanning, men vi får det ikkje til, fordi for mange av lærarane skal skulerast på same tid, og  vi får ikkje tak i vikarar som vi skulle ha sett inn medan lærarane skulerer seg.

- For dårleg planlegging

- Rektorane må bli flinkare til å planlegge når dei sender fast tilsette ut på etterutdanning. Det meiner leiar i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane, Gunn Marit Haugsbø. Ho meiner problemet med mangel på lærarvikarar kunne vore unngått dersom planlegginga hadde vore betre.

- Dei må tidleg få oversyn over dei behova dei har i kommunane, og at dei tidleg veit kva behov dei har for utvikariering i forhold til dei kursa og etterutdanningstilboda som skulen legg opp til å delta i