Hopp til innhold

- Gratis tannhelseteneste

Venstre føreslår at alle skal få dekka tannlegeutgiftene av Staten, seier stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen.

Tannlege
Foto: Rainer Prang / NRK

Venstre meiner det er urimeleg at tannbehandling skal koste mykje meir enn andre helsetenester.

 

 

Gunvald Ludvigsen
Foto: NRK

Gunvald Ludvigsen, som er helsepolitisk talsmann på Stortinget for Venstre, vil at tannhelsebehandling skal sidestillast med vanlege legebesøk. Offentlege undersøkingar syner at folk med dårleg råd let vere å gå til tannlegen.

 

 

- Dårlege tenner stigmatiserande

- Det å ha dårleg tannhelse verkar sosialt stigmatiserande, det kan gå ut over mange ting, ikkje minst kan det slå negativt ut når du skal søkje arbeid, og vi veit at dette er dårlegast for dei som er svakast sosialt i samfunnet. Det må vere ein like naturleg del av det norske helsevesen å få tannbehandling som å gå til fastlegen.

- Eigendel på t.d. 800 kr

- Men vil ikkje dette bli veldig dyrt?

- Skulle vi ha gjort det heilt gratis eller ha ein låg eigendel så ville det truleg koste fleire milliardar kroner. Men med ein eigendel på t.d. 800 kroner så trur vi det skal la seg gjennomføre innan rimeleg tid.

Dei svakaste først

Noreg er det einaste landet i Vest-Europa som ikkje har offentleg finansiert tannhelseteneste for alle. Venstre vil at dette i fyrste omgang skal vere eit tilbod til dei svakaste gruppene i samfunnet.

- I praksis betyr det at vi vil fokusere på rusmisbrukarar og dei som har lågast inntekt.