Hopp til innhold

Får skyte fleire jervar

Rovviltnemda for Vestlandet har gitt løyve til å felle seks jervar i Indre Sogn neste år.

I vinter vart det berre felt fire.

Det er den aukande bestanden av jerv som gjer at det blir opna opp for å felle fleire dyr.

Leiar i rovviltnemda, Norvall Nøringset, seier det er viktig å gripe inn før jerve-bestanden aukar for mykje.