Kronprinsparet takka for seg

Etter besøket i Eid møtte kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit pressa.
Foto: Øyvind Torvund/NRKEtter folkefesten i Nordfjordeid sentrum torsdag ettermiddag takka kronprinsparet for seg, etter tre dagar i Sogn og Fjordane.
Publisert 07.09.2006 18:36. Oppdatert 07.09.2006 22:02.
- Skriv ut
- Det har vore nokre fantastiske dagar her i fylket, og vi har opplevd veldig mykje flott, sa kronprinsparet då dei møtte pressa torsdag ettermiddag.

Over 3000 møtte fram i Eid torsdag ettermiddag.
Foto: Øyvind Torvund/NRK
- Dei kulturelle opplevingane har vore mange, og spesielt vil eg trekke fram alle ungdommane som har stått for mange innslag. Det er tydeleg at de satsar på dei, sa kronprinsesse Mette-Marit.
Kronprinsparet har fleire gonger under turen sagt at dei vil kome tilbake til fylket. Då dei vitja Stryn onsdag fortalde kronprinsessa at ho gjerne ville vitje sommarskisenteret ved eit anna høve.
Kosa seg med suppe
På den siste dagen i Sogn og Fjordane starta kronprinsparet dagen i Hornindal barnehage. Der fekk dei servert brenneslesuppe. Og kronprinsessa likte det.
- Det var veldig godt. Eg forsynte meg faktisk to gonger, og det bør vel seie sitt, sa ho.
Også kronprins Haakon likte det han fekk smake.
- Men eg måtte spørje sidemannen min om eg kom til å brenne meg på tunga, men han forsikra meg om at det ville gå bra, sa han.

Ringane som kronprinsparet fekk av Kathrine Berg
Foto: Øyvind Torvund/NRKLeverte ringar
Men før kronprinsparet reiste frå fylket fekk dei oppleve ein stor folkefest i Nordfjoreid sentrum.
Over 3000 personar hadde møtt fram i Eid. Litt regn la ikkje noko dempar på festen for nordfjordingane.
Gullsmed Kathrine Berg hadde laga to ringar til kronprinsparet med påskrifta "beundring" og "integrering". Medan kronprinsparet nærma seg var det ei spent dame som venta på dei.
- Det er klart eg er nervøs, men eg håpar dei vil sette pris på ringane eg har laga, sa Berg.
Nokre sekund seinare var ringane overleverte, og kronprinsparet tok seg god tid til å prate.
Helste på frammøtte
På vegen ned Eidsgata tok både kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit seg også god tid til å helse på dei frammøte.
I enden av Eidsgata underheldt elevar på sirkuslinja ved Fjordane folkehøgskule gjestene.
Som ein del av programmet vitja kronprinsparet også Nordfjord

Kronprinsparet får ringane.
Foto: Øyvind Torvund/NRKpsykiatrisenter. Her fekk dei også møte to tenestebrukarar.
Folkefest på Eksersisplassen
Folkefesten fortsette sidan på Eksersisplassen. Der fekk dei frammøtte oppleve eit variert program, mellom anna voggesong frå Burundi. I tillegg heldt kronprinsesse Mette-Marit også tale. I talen skrytte ho av eidarane.
- De tek tak i lokale utfordringar, og har snart eit tilbod for unge rusmisbrukarar. I tillegg til rockfestival har de spesialkompetanse på opera - og fjording. I fjordhesten sitt rike er kanskje det å vinne den årlege konkurransen ein av dei største heiderstitlane ein kan få, sa kronprinsessa.

Mange hadde teke turen til Eksersisplassen i Eid torsdag ettermiddag.
Foto: Øyvind Torvund/NRKTre dagar i fylket
Kronprinsparet har altså vore i Sogn og Fjordane i tre dagar. Det starta på Bulandet og Værlandet i Sunnfjord og enda altså opp i Eid i Nordfjord.
Godt over 60 norske og internasjonale pressefolk har vore med på turen.

Kronprinsparet helste på mange born i Eid.
Foto: Øyvind Torvund/NRKALT OM: Kronprinsparet i Sogn og Fjordane
- Bilete frå det kongelege besøket
- Kronprinsparet takka for seg
- Design og fest i Stryn
- Kongeleg brenneslesuppe i Hornindal
- Kongeleg brenneslesuppe
- Imponerte kronprinsparet
- Folkefest på Sandane
- Kronprinsparet møtte 'Mette-Marit' og 'Haakon' på Svanøy
- Over tusen møtte kronprinsparet
- Flora internasjonal kommune
- Kronprinsparet på Bulandet
Siste: Sogn og Fjordane
- Rasar over frakttilegg på drivstoff
- Mange utan vatn - betring på gang
- Vil at Helse Førde skal skifte namn
- Bensinprisen mot rekordhøgder
- Åtvarar mot cruisebåtturistane
- Omstridd vikingsenter i Gudvangen
- Straffa med ekstrajobb etter uver
- Hjorten hang fast i gjerdet
- Snart tomt i vassmagasin
- Seks drepne på sju år i Lærdal
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
06/02 (30 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
06/02 (40 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
Rasar over frakttilegg på drivstoff - Mange utan vatn - betring på gang
- Vil at Helse Førde skal skifte namn
- Bensinprisen mot rekordhøgder
- Åtvarar mot cruisebåtturistane
- Omstridd vikingsenter i Gudvangen
- Straffa med ekstrajobb etter uver
- Hjorten hang fast i gjerdet
- Snart tomt i vassmagasin
- Seks drepne på sju år i Lærdal


















Melodi Grand Prix i Florø