Hopp til innhold

- Oljeboom øydelegg for vindkraft

Oljeboomen langs kysten øydeleg for annan industriutvikling, meiner dagleg leiar Marius Holm i miljøstiftinga Zero.

Marius Holm

- OLJESKUGGEN BREIER SEG: Marius Holm i Zero.

Foto: Ketil Jordan / NRK

I går vart det kjent at Vestavind Offshore legg på is sine planar om vindmøller til havs utanfor Stad.

Holm seier det breier seg ein oljeskugge over landet.

– Dei legg beslag på kapasiteten, dei legg beslag på kompetansen, hjernene og hendene. Oljenæringa etterlet seg lite rom for nye satsingar.

Gullfaks-feltet

OLJEBOOM: Gullfaksfeltet.

Foto: Andre' Marton Pedersen

– Alt blir dyrare

Vindmøller på havet som ei ny vekstnæring har vore eit mål på kysten. I går kom beskjeden om at Vestavind Offshore legg sitt prosjekt på is.

Samstundes trillar oljepengane inn på konto, og neste år vil Norge investere over 200 milliardar kroner i olje- og gassproduksjon.

– Det gjer at heile kyst-Norge er travelt opptekne med andre ting enn fornybar energi. Det betyr at alt blir dyrare, og det betyr at verkstader, leverandrørar, verft og anleggskapasitet er brukt opp til å byggje olje- og gassinstallasjonar, seier Holm.

Jan Atle Stang

JA TAKK, BEGGE DELAR: Regiondirektør Jan Atle Stang.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Zero har eit poeng, men...

Regiondirektør Jan Atle Stang i NHO Sogn og Fjordane meiner Zero har eit poeng i at oljenæringa dreg til seg kapital og folk.

– Dette dreier seg og om ein politisk vilje, ikkje minst. Det handlar om kampen om kompetanse, goodwill og kroner til sjuande og sist.

Men han meiner ein må både satse på olje og fornybar energi samstundes.

– Dette dreier seg om reine prioriteringar frå eit rikt land.

– Satsar og på fornybar energi

Men statssekretær Ane Kismul i olje og energidepartementet meiner dei satsar både på olje og ny fornybar energi.

– Det er rett at det er eit høgt aktivitetsnivå på norsk sokkel, men det er samstundes slik at vi og har eit ekstremt høgt aktivitetsnivå på land i utbygging av fornybar energi i Norge. Dei neste åtte åra skal det byggjast ut meir fornybar energi i Norge enn nokon gong før.