Hopp til innhold

Sp tilbake til det normale

Senterpartiet går fram nesten åtte prosentpoeng sidan krisemålinga i oktober. Det syner ei meiningsmåling i Sogn avis, Firdaposten og Firda.

Liv Signe Navarsete

TILBAKE TIL NORMALEN: Liv Signe Navarsete er sikra stortingsplass dersom valresultatet blir slik meiningsmålinga tyder på.

Foto: Trond Vestre / NRK

Slik det ligg an no, ni månader før stortingsvalet, er det Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Høgre som ligg an til å få Sogn og Fjordane sine tre distriktsmandat.

I oktober synte ei meiningsmåling for Bergens Tidende at Høgre fossa fram, og Senterpartiet hadde så låg oppslutnad at partiet med eit slikt valresultat ville ha mist stortingsmandatet sin.

Sp igjen nest størst

Men no er igjen Senterpartiet det nest største partiet i fylket med 20,9 prosents oppslutning. I BT-målinga i oktober fekk partiet berre 13,1 prosent.

Ap er størst med 28,3 prosent, og Høgre tek tredjeplassen med 19,9 prosent. I BT-målinga i oktober fekk Høgre 32,7 prosent og var største partiet i fylket. Her bør det nemnast at dei to meiningsmålingane er ulikt vekta og difor ifylgje meiningsmålingsekspert Johan Giertsen ikkje kan samanliknast direkte.

Framstegspartiet ligg på ein fjerdeplass med 13,9 prosent oppslutning på den nye målinga frå Sentio Research Norge AS. Kristeleg Folkeparti har 6,5 prosent, SV 5,1, Venstre 4,7 og Raudt 0,5 prosent.