Hopp til innhold

«Naking» i naturen er den nye trenden blant ungdom

Å leggje ut bilete av seg sjølv nesten naken ute på tur er blitt den nye, store trenden blant naturfrelst ungdom. For Linn Therese og Beate i Sogndal har reaksjonane vore utelukkande positive.

Naking

PÅ TOPPEN: Beate og Linn Therese på toppen av fjellet Slogen på Sunnmøre.

Foto: privat

Dei lot seg avbilete topplause, rett nok med ryggen til kamera, 1564 meter over havet på toppen av Slogen på Sunnmøre. Men Linn Therese Ramsland (22) og Beate Osgjerd Rekve (22) er slett ikkje åleine om dette.

Dei siste månadane har «naking»-fenomenet spreidd seg som ein vind på nettet, og då nesten utelukkande blant turglad ungdom.

– Det er vel litt på same måte som med «planking» der ein skulle la seg avbilete liggande flatt på dei raraste plassane. No er det naken som gjeld, smiler dei to jentene som til vanleg studerer idrett og helse på Høgskulen Sogn og Fjordane.

Naking

GLADE JENTER: Beate Osgjerd Rekve og Linn Therese Ramsland har berre fått positive tilbakemeldingar på si «naking».

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Mange bilete på Facebook

Per torsdag kveld hadde «naking-gruppa» på Facebook over 21.000 følgjarar og på sida legg folk stadig ut nye bilete av seg sjølv og vener med lite klede i ein bokstaveleg tala naturleg setting.

– Då kjærasten min tok bilete av oss var vi jo veldig heldige med utsikta. Det berre passa perfekt! meiner jentene som slett ikkje angrar på «nakinga»

– Det er jo ein måte å vise at du har vore på tur og kanskje gjere litt slikt at andre blir litt misunnelege. Det er i alle fall dei reaksjonane vi får. Det er jo kjekkare å ha eit slikt bilete enn berre eit bilete av ei fjell, meiner dei.

Naking på Facebook

Skjermdump frå gruppa på Facebook.

Foto: facebook.com / Skjermdump

– Berre morosamt

For leiar i Den Norske Turistforening sin ungdomsorgansisasjon, Karoline Burdahl Teien, er dette berre godt nytt. Ho synes «naking»-trenden berre er morosam og positiv.

– Det er jo berre veldig positivt og god humor. Mange vil ha desse bileta på Facebook-sidene sine og syne at dei er friske og spreke og ute på tur. Og slike bilete passar jo perfekt når ein er på ein fjelltopp, meiner Teien.

Om det er på grunn av, eller på trass av, den nye trenden, opplever DNT Ung, ei stor tilstrøyming av medlemer og interesserte.

Stor vekst for DNT

– Det har aldri vore så mange medlemer hos oss som no. Vi opplever ein veldig auke i interessen for det å kome seg ut i naturen, og enda så er det dette med toppturar som veks aller mest.

Karoline Burdahl Teien

GODT NØGD: Leiar i DNT Ung, Karoline Burdahl Teien.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Ho synes på ingen måte at det er «kleint» turkameratar- og venninner let kleda falle når dei har nådd dei høgste tindane.

– Eg trur dette handlar om å vere ute i naturen 100 prosent. Ein syner jo rett og slett at ein er eit sunt og bra menneske på tur, meiner DNT Ung-leiaren.