Hopp til innhold

Bjørnen er vekk

Bjørnen i Sogn kan ha vandra vidare til Oppland. Funn av sauer som nyleg er drepne av bjørn i Lom tyder på det.

Brunbjørn
Foto: Per Løchen, NTB Pluss / Scanpix

Esben Bøe i Statens naturoppsyn seier dei har funne ferske sauekadaver i Bøverdalen som kan tyda på at bjørnen som har drepe sauer i Jostedalen og Fjærland har kome dit.

Sikker observasjon

Rundt den 10. august hadde dei ein heilt sikker bjørneskade på ein sau i Bøverdalen, og dette er den fyrste skaden dei har hatt i sommar.

Den siste observasjonen som var gjort i Sogn var nettopp like før denne datoen, og det var ein svært usikker observasjon. Før den må ein fleire veker tilbake for å finne ein observasjon.

Stille i Sogn

Bøe meiner mykje tyder på at det er same bjørnen som er på ferde no i Bøverdalen som har vore i Sogn i sommar. Særleg grunngjev han dette med at det er stille i Sogn no når bjørn er påvist i Lom. På same tid har det vore stilt i Bøverdalen når bjørnen har herja i Sogn.

Men han seier at sidan det er åtte dagar sidan bjørnen var i Lom kan han godt allereie vere tilbake i Sogn.