Hopp til innhold

Vil bruke hund i bjørnejakta

Sankelaga i Fjærland ynskjer no å bruke hund i jakta på bjørnen som har herja i indre Sogn dei siste månadene.

Olav Horpedal og dei andre saueeigarane i Sogn får to veker til på å spore opp bjørnen.
Foto: MMS-foto:Arne Eithun / NRK

Det er i utgangspunktet ikkje lovleg med hund på slik jakt, men sauebøndene i Fjærland håpar no Sogndal kommune gir dispensasjon frå reglane i hundelova.