Hopp til innhold

Fylkesvegpengar står ubrukte

Trass i holete vegar er fleire titals millionar kroner enno ikkje brukte av fjorårets budsjett for fylkesvegane i Sogn og Fjordane.

Arkivfoto
Foto: Steinar Lote / NRK

Borghild Tenden frå Venstre er første nestleiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget. Ho er opptrekt.

 

På vestlandsvegar i sommar

- Eg har vore rundt på vestlandsvegar i ferien og sett kor dårleg det står til, og når eg les at det står ubrukte pengar på bok så blir eg ganske opprørd.

I ein artikkel i Teknisk Ukeblad kjem det fram at 31 millionar kroner frå fjorårets budsjett for fylkesvegane her i fylket framleis ikkje er brukte. Årsaka skal vere at Statens Vegvesen brukar for mykje kapasitet på å lyse ut alle oppdrag på anbod, slik reglane krev.

- Må sjå kva byråkratiet gjer

- Det er akkurat dette vi må til botnar i, vi må sjå på årsaka til at det er så tregt. Vi må inn og sjå på kva byråkratiet gjer når dei ikkje jobbar raskare enn dette.

Borghild Tenden, som sjølv er frå Stryn, har alt teke saka i eigne hender.

- Dette er svært uheldig, og slik kan vi rett og slett ikkje ha det. Denne saka vil eg til botnar i. Det første eg gjorde då eg las dette var å sende eit brev til alle våre folkevalde og bad dei undersøke kva prosjekt som ikkje er realiserte på grunn av dette.

Pengane er øyremerkte prosjekt

Fylkesrådmann i Sogn og Fjordane, Jan Øhlckers, stadfestar at det står 31 millionar ubrukte kroner på bok. Men han har ei litt anna forklaring på kvifor.

- Det er fordi heile prosjektet ikkje er ferdig, og vi har løyvd pengane, og då må pengane overførast frå eitt rekneskapsår til den neste, og det er fordi vi er litt kjappare med løyvingane enn dei er med ferdiggjering av prosjektet og då må vi passe på at vi har pengane med oss.

Fylkesordføraren beklagar

Fylkesordførar Nils R. Sandal beklagar at det står 31 millionar kroner ubrukte til samferdsle. Han seier at dette kan ha gått ut over fleire vegprosjekt. Han utelukkar ikkje at byråkratiske feil kan vere årsaka, og vil kalle Vegkontoret inn på teppet.

- Eg vil tru at planleggingsfasen har teke lengre tid enn planlagt. Eg vil ta ein prat med vegvesenet for å få kunnskap om kva det er som gjer at vi ligg så mykje etter tidsmessig som vi gjer.

- Forstår at folk blir fortvila

- Forstår du at folk blir fortvila når de går til val og lovar betre vegar, og så blir pengane ståande ubrukte?

- Ja, det har eg full forståing for, sett i lys av dei enorme behova ikkje minst dette fylket har. For dei signala dette gir er slett ikkje gode. her må vi gå inn og sjå kva vi kan gjere for å bli flinkare.