Hopp til innhold

Fryktar stort område kan bli ståande utan ein einaste vidareåande skule

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ti kommunar i området mellom Førde i Sogn og Fjordane og Knarvik i Hordaland kan bli ståande utan vidaregåande skule. Det betyr fleire hundre fleire hybelelevar.

Både i Sogn og Fjordane og Hordaland jobbar politikarane no med ein plan for korleis strukturen for dei vidaregåande skulane skal vere i framtida. Skulen i Nordhordland kan bli lagt ned, det same kan Høyanger og Dale på nordsida av Sognefjorden.

Skjer dette blir eit område med ti kommunar og 20.000 innbyggjarar ståande utan ein einaste vidaregåande skule, skriv Bergens Tidende. Både elevar, skuleleiarar og politikarar er uroa.

– Det er vanskeleg å tru at politikarane kan gå for eit så gedigent område utan ein einaste vidaregåande skule, seier ordførar i Fjaler, Arve Helle, til avisa.

– Det vil vere svært beklageleg dersom heile sørvestre delen av Sogn og Fjordane blir ståande utan vidaregåande skule, seier Solund-ordførar, Ole Gunnar Krakhellen som uttrykker uro overfor BT.

Kan bli 400 fleire hybelbuarar

I skulebruksplanen til Hordaland blir det teke til orde for at elevane ikkje skal ha meir enn ein time reisetid til skulen. For Austrheim vidaregåande skule sin del vil det bety at 169 av dagens elevar vil få ei reise som er så lang at dei må bu på hybel.

Basert på dei same avstandskriteria har rektorane ved skulane i Dale og Høyanger rekna seg fram til at det litt over 100 elevar frå kvar av deira skular som også må flytte på hybel.

Det vil seie at det til saman kan bli 400 hybelbuarar frå dette området.

Må sjå over grensene

Debatten om kva skular som eventuelt skal leggjast ned og ikkje rasar no i Sogn og Fjordane. Her jobbar politikarane no vidare med fire modellar.

Rektor Kjersti Haugland ved den vidaregåande skulen på Austrheim har i dag mange elevar frå Gulen og Solund. Ho meiner politikarane i dei to fylka må sjå over grensene.

– I ei så viktig sak som har så store konsekvensar, må politikarane kunne snakke saman og samarbeid, seier Haugland til Bergens Tidende.