Hopp til innhold

Har pågripe person etter overfall

Politiet har arrestert ein mann og sikta han for overfallet av ein ambulansearbeidar i Stryn natt til søndag. Gjenstanden som vart brukt under angrepet er framleis ikkje funnen.

Ambulansestasjonen i Stryn

OVERFALL: Ei kvinne som arbeider ved ambulansestasjonen i Stryn vart natt til søndag overfalle medan ho var på jobb.

Foto: Arne Vik

Lensmann i Stryn, Lasse Trosdahl, seier til NRK.no at mannen vart arrestert tysdag kveld. Vedkommande sit onsdag føremiddag framleis i avhøyr hos politiet.

Lasse Trosdahl, lensmann i Stryn

MYKJE SOM STÅR ATT: Lensmann i Stryn, Lasse Trosdahl, seier det er mykje som står att av etterforsking i saka.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Med bakgrunn i etterforskinga vi har gjort, der vi har plassert folk i sentrum, så arresterte vi i går ein mann, seier Trosdahl.

– Kor sikre er dokke på at dette er rett person?

– Vi er ikkje sikre på at vi har teke rett person, og vi reknar ikkje saka som oppklart, seier Trosdahl.

Lensmannen presiserer vidare at politiet framleis etterforskar saka breitt, og oppmodar framleis folk som var i sentrum av Stryn natt til søndag i tidsrommet mellom klokka 02.30 og 03.30 om å ta kontakt med politiet.

Ei kvinne i 30-åra fekk slag- og kuttskadar etter at ho kom over uvedkommande inne på ambulansestasjonen i Stryn. Kvinna skal ha blitt angripe av personen som hadde teke seg inn i bygget.

Har gjort ei ransaking

Politiet har brukt store ressursar på å etterforske overfallet, og kunne tysdag kveld arrestert og sikte ein person for ugjerninga. Trosdahl seier dei i tillegg til avhøyr også har gjort ei ransaking hos mannen.

– Grunnen til at han vart teken inn til avhøyr er fordi vi må få litt fleire opplysningar rundt hans bevegelsar i det aktuelle tidsrommet, seier lensmannen.

Han vil ikkje seie meir om detaljane rundt pågripinga, og vil heller ikkje kommentere om det forsvann medikament frå ambulansestasjonen.

Kunne gått langt verre

Til no har politiet vore sparsame med opplysingar om kva gjenstand som vart brukt under overfallet. Heller ikkje i dag vil lensmannen seie om det er snakk om ein kniv eller ikkje.

– Vi held framleis dette noko opne, men det er ein skarp gjenstand, seier Trosdahl.

Gjenstanden som vart brukt under angrepet er førebels ikkje funne.

Han seier politiet ser svært alvorleg på hendinga. Angrepet kunne fort ha fått alvorlegare utfall, ifølgje lensmannen.

– Den skaden som oppstod kunne fort blitt mykje verre.

– Den ambulansetilsette kunne blitt treft på andre stader på kroppen og det kunne fått større konsekvensar enn det har fått, seier lensmannen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ambulansestasjonen i Stryn

KAN HA JAKTA PÅ MEDISIN: Politiet i Stryn har tidlegare sagt at ein av teoriane dei jobbar ut frå er at vedkommande som tok seg inn kan ha jakta på medisinar.

Foto: Arne Vik

– Mykje jobb som står att

Politiet har tidlegare gått ut med at dei jobbar ut frå ein mogleg teori om at vedkommande som tok seg inn på stasjonen var ute etter medisinar.

Trosdahl seier det er mykje arbeid som står att i saka i forhold til å jobbe vidare med opplysningane dei har henta inn.

Han kan førebels ikkje seie noko om det blir aktuelt med varetektsfengsling av mannen. Mannen nektar for all kjennskap til hendinga.

Vil sjå på rutinar

Ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov, sa tidlegare denne veka at dei aldri hadde trudd at nokon av dei tilsette kunne bli angripne inne på ein av ambulansestasjonane.

– Det er ei veldig tragisk hending. Vi har levd i trua på at det har vore trygt å vere på våre ambulansestasjonar.

– Det er ingen av dei som jobbar der som hadde trudd at dette kunne skje, sa Sægrov til NRK.no dagen etter overfallet.

Sægrov seier det er rutinar på at dørene på ambulansestasjonen skal vere låste, men kor vidt dette har skjedd i dette tilfellet kunne han ikkje svare på måndag.

Trosdahl seier til NRK.no onsdag at dei førebels ikkje har kunne konstatere noko innbrot på ambulansestasjonen.