Hopp til innhold

- Gjer det lettare å skyte rovdyr

- Det er uverdig at dyreeigarar som skyt rovdyr for å verne buskapen vert gjort til kriminelle, meiner Senterungdommen.

Kristina Tomasgard, leiar i Senterungdommen i Sogn og Fjordane, seier at dagens paragraf ikkje er tydeleg nok.

Hom meiner lova er altfor uklar på når ein dyreeigar kan gripe inn overfor rovdyr som herjar i buskapen.

- Dei som eig dyr kan ikkje passe på dyra sine 24 timar i døgnet på beite. Difor må det vere råd å forsvare dyra sine mot rovdyr.

Tomasgard vil ha på plass ny nødverjeparagraf alt før neste beitesesong.

Leiar i foreininga Våre Rovdyr, Birger Westergren, meiner det er altfor lett å skyte rovdyr i dag, og vil kjempe mot forslaget.