No stiller lærarar spørsmål ved om oppgåvene på dei nasjonale prøvane tek til å bli vel høgt.
Men også elevane tykkjer også at nokre spørsmål er vanskelege.
– Dagen før så har du ganske mykje press på deg. Du tenkjer liksom på at no må eg gjere mitt beste og få mest mogleg rett, seier 5. klassingen Magnus Kjøsnes som går på Vassenden skule i Jølster.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Resultatat ned i fylket
For sjølv om elevane øver og gjer sitt aller beste, syner det seg at det er vanskeleg å få gode resultat på dei nasjonale prøvane.
Resultata frå leseprøven som vart gjennomført av 5. klassingar i år syner eit dårlegare resultat enn i fjor.
I Sogn og Fjordane har resultatet gått ned frå to til 1,9 poeng, av tre moglege.
Are Mangersnes og Siren Heggheim Nielsen er begge lærarar ved 5. klasse ved Vassenden skule. Dei meiner det kan ha ein samanheng med kor vanskeleg prøven var.
– Viss det er slik at resultata på lesing går ned omtrent i heile landet, så er det mykje som tyder på at det har med tekstane i årets prøvar å gjere, seier Mangersnes.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Fekk Leo Tolstoj-tekst i oppgåva
For blant tekstane elevane skal lese og svare på spørsmål i frå, finn ein teksten «Den fattige rike» av den russiske forfattaren Leo Tolstoj som levde på 1800-talet.
– Nokon av spørsmåla er litt vanskelege, og det er heller ikkje alle du finn svara på i teksten, seier Stine Lise Østenstad Svidal.
– Og så står det gjerne at du skal svare med ein heil setning. Då må du ofte tenkje litt på korleis setninga skal vere, seier Magnus Kjøsnes.
Dei to 5. klassingane på Vassenden skule har sine teoriar om kvifor resultata i landet er dårlege i år.
– Det er kanskje fordi vi ikkje har brydd oss nok, og så kan det vere at vi ikkje har øvd nok, seier Stine Lise.
– Forstår de alt som står i teksten?
– Nei, ikkje alt, seier dei to i kor.
(Artikkelen held fram under biletet)
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Heller ikkje alle vaksne forstår alt
Men skal elevane kunne fortstå og tolke tekstar om Leo Tolstoj? Kva tykkjer ferdig utdanna personar om prøvane som 10-åringane får?
NRK.no let kommunikasjonsdirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet Anne Mette Hjelle og jurist Frank Hana prøve seg på teksten av Tolstoj.
– Nei, eg tykte dette var litt utfordrande. No fekk vi jo lese det kjapt, og når eg ikkje visste spørsmåla, så var det utfordrande å svare på dei, det må eg innrømme, seier Hana.
Kollega Hjelle meiner derimot at det er vanskeleg å vurdere når ein ikkje kjenner til kva elevane har lært i løpet av skuleåret.
– Det er ei utvikling som eg også har høyrt mange etterlyse, at det skal bli strengare fagleg i grunnskulen. Men det er klart det er tøft, meiner Hjelle.
- LES OGSÅ:
Håpar det ikkje er ein trend
Lærar Siren Heggheim Nilsen meiner spesielt Tolsjo-teksten kan ha vore utfordrande.
– Denne russiske Tolstoj-teksten er vanskeleg. Han er skriven på ein vanskeleg måte og det er litt tungvint språk. Dessutan er det nokre av spørsmåla der som du ikkje berre kan gå inn i teksten og finne svar på. Ein må faktisk tolke det og leite mellom linjene, seier Heggheim Nilsen.
– Vi får håpe det ikkje er ein trend, seier Are Mangersnes.
Er du like smart som ein 5. klassing?
Teksten "Den fattige rike" av Leo Tolstoj har ikkje NRK rettigheiter til å publisere. Men blant spørsmåla 5. klassingane får etter å ha lese teksten, er:
Er den magiske pungen ei god eller dårleg gåve? Grunngi svaret ditt.
Grunna opphavsretten er ikkje nasjonale prøvar i lesing frå tidlegare år tilgjengelege på nettet, men Utdanningsdirektoratet har publisert eksempeloppgåver på sine nettsider.
Her kan du sjå eksempel på tre oppgåver til ein 5. klassing og prøve deg sjølv: