Hopp til innhold

Så mykje betyr gode vinterdekk for bremselengda

Eit 38 tonn tungt vogntog med slitne, men lovlege vinterdekk treng 160 meter for å stoppe frå 60 km/t. Med gode vinterdekk er bremsestrekninga den halve.

NAF HAR TESTA: NAF har i denne videoen testa dei forskjellige bremselengdene tunge køyretøy får alt etter om dei har slitne, men lovlege, eller nye vinterdekk.

Første snøfall er unnagjort, og fleire stader i landet har ein allereie opplevd kaos både i låglandet og på fjellovergangane.

Berre siste to vekene har det vore fleire ulykker der vogntog har velta eller køyrt utfor. Det er ikkje faktagrunnlag nok til å påstå at dette skuldast dårlege dekk på køyretøya.

Men NAF påpeikar at svært mange av situasjonane som oppstod i heile fjor vinter, skuldast nettopp at lastebilar og vogntog ikkje var skodde for dei tilhøva som oppstår når haust går mot vinter i Norge.

Enno er det ikkje noko påbod som seier at tunge køyretøy skal ha vinterdekk når det er vintersesong.

Kan ikkje halde fram slik

– Vi kan ikkje leve med situasjonar som vi hadde i fjor. Dette har vi sett kvart år, men i stadig aukande grad. Vogntog stoppar opp på vinterføre fordi dei ikkje er godt nok skodde for norske vintertilhøve, seier kommunikasjonssjef i NAF, Inger Elisabeth Sagedal.

Vogntog på kryss og tvers både i og utanfor vegbana skaper hindringar for dei som skal ta seg fram på vegane. Men langt verre er faren for omfattande og livstrugande personskadar dersom eit vogntog kjem ut av kontroll.

– Det verste er tanken på trafikktryggleik, og den risikoen som sjåførar er utsette for med tanke på vogntog som kan komme mot dei, seier Sagedal.

Både gummi og mønster tel

– Dei klimatiske tilhøva vi har i Norge gjer at det svært viktig at køyretøyet har dekk som er laga for denne type føre, seier teknisk konsulent i NAF, Dag Edvardsen.

Vegdirektoratet har sendt ut eit forslag til høyring der dei føresler eit påbod om vinterdekk også for tunge køyretøy frå og med 15. november til og med 31. mars.

I tillegg føresler dei at minste mønsterdjupne skal vere sett til fem millimeter.
Høyringsfristen er sett til 19. desember.

Han legg til at det ikkje berre er snakk om å ha gode mønster på dekka.

– Det er ikkje berre mønsterdjupna som er viktig, men også gummiblandinga som bidreg til at du får ein langt betre friksjon på vintervegar, seier Edvardsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dansk vogntog veltet på E10 ved Fiskefjorden nord for Lødingen

PÅ SIDA: Dette danske vogntoget velta på E10 ved Fiskefjorden nord for Lødingen. NRK kjenner ikkje til kva dekk bilen hadde.

Foto: Dan Henrik Klausen / NRK

Skal lite til før det gir utslag

Det er testar gjort av NAF sitt trafikksenter på Vålerbanen som er brukt til å lage høyringsfråsegna. Her ser ein tydeleg kor viktig det er med ikkje berre vinterdekk, men vinterdekk som ikkje er slitne.

Har ein slitne vinterdekk på tralla, hjelper det ikkje noko på bremselengda om dekka på trekkvogna er splitter nye.

– Når det gjeld tyngre køyretøy så syner testar at friksjonen vert best der tyngda er størst, og det er jo først og fremst over dei akslingene der lasta i hovudsak er. Det betyr igjen at det må vere gode vinterdekk med god mønsterdjupne både på trekkvogna og på tralla, seier Edvardsen.

Han legg til at den kontinuerlege utviklinga på dekk bidreg til at ein får betre kunnskap om gummiblandingar og mønstertypar.

– Ved å sko køyretøya med dei beste dekka så blir også trafikktryggleiken betra, seier Edvardsen.

2428 drepne eller skadde på ni år

Statistisk sentralbyrå har statistikk for kor mange ulykker med personskade vogntog eller lastebilar har vore involverte i mellom 2001 og 2011.

Tala syner at det har vore 2518 ulykker der køyretøya har vore skodde på sommardekk.

Det er registrert 1228 ulykker der dei tunge bilane har hatt piggfrie vinterdekk, medan det berre har vore 611 ulykker der dei tunge køyretøya har hatt vinterdekk med piggar. Statistikken seier ikkje noko om kva sesong ulykkene har skjedd.

Frå 2003 til 2012 har det vore 2428 vegtrafikkulykker med vogntog innblanda der personar har vorte drepne eller skadde.

Fleire årsaker til feil dekk

– Vi har fått fleire og fleire utanlandske vogntog som køyrer i Norge, og der er det nok manglande kunnskap og forståing for norske vintertilhøve som er noko av årsaka til at dei ikkje er godt nok skodde, seier Sagedal.

Men ho påpeikar at det slett ikkje er berre eit problem blant vogntoga som kjem frå utlandet.

– Vi ser også til mange si overrasking at norske transportselskap også tek litt for lett på det med rette dekk, seier Sagedal.

Ho trur kostnader er årsaka til at nokon tek sjansar med slitne dekk.

– Dekk er ein betydeleg utgiftspost for transportørane. Det verkar direkte inn på botnlinja og kan fort bli ein salderingspost. Ein tek ikkje dette nok på alvor, og nettopp difor er det viktig med dette påbodet. Vi kan ikkje leve med at einskilde transportørar ikkje tek den kostnaden, seier Sagedal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vogntog i grøfta på Sognefjellet

KOM IKKJE VIDARE: Dette vogntoget hadde problem på Sognefjellet i vinter som var.

Foto: Terje Weka

Meiner transportørar må stille krav

Ho peikar også på at når norske selskap hyrer inn utanlanske transportørar, så vel ein som oftast det selskapet som er billegast.

– Men det er viktig at ein har inne i anbodet sitt eit krav om dekk som er i forhold til krava som er i Norge. Dette må berre inn i kostnadene og reknast med i det store biletet, seier Sagedal.

Ho ser fram til å få eit påbod om vinterdekk.

– Vi er svært glade for at samferdsleministeren har teke initiativ til eit påbod om vinterdekk på tunge køyretøy. Dette vil nok ikkje tre i kraft med ein gong, men det vil gjere kontrollverksemda på grensene enklare når påbodet er på plass, seier Sagedal.

Trur påbodet vil gi effekt

Edvardsen i NAF trur ein vil kunne sjå effekten ute på vegane ganske snart dersom eit påbod om vinterdekk vert vedteke.

– Det vil heilt klart bidra til at ein ikkje opplever dei same problema som tidlegare vinter, seier Edvardsen.

Han peikar på at stadig meir av varetransporten går på landevegen, og når transportørar overalt kan vere med å gi anbod, kan eit slikt påbod bidra til å redusere noko av den problematikken som har vore til frustrasjon for almenn trafikkavvikling dei siste åra.

Også i Norges Lastebileier-Forbund ønskjer dei påbodet velkomme.

– Dette støttar våre medlemmer fullt ut. Alt som er med på å fremje tryggleik i trafikken er vi sterkt for, seier kommunikasjonssjef i NLF, Kari Brun Ågotnes.

Ho legg til at for mange av dei 4000 medlemmene deira er ikkje dette eit problem.

– Mange av våre medlemmer brukar allereie vinterdekk, og er inneforstått med fem millimeter mønsterdjupne, seier Ågotnes.

Ho legg til at kostnader ikkje er noko unnskyldning for å køyre med vinterdekk med dårleg mønster.

– Trafikktryggleiken må vere øvst, og den kostnaden må seriøse transportørar ta, seier Ågotnes.