Hopp til innhold

Over halvparten droppar ut av yrkesretta utdanning

Over halvparten av av dei som byrjar på yrkesretta utdanning her i fylket byrjar ikkje som lærlingar. Mange går over til anna utdanning, men mange droppar også heilt ut og tek seg eit kvileår.

Sveising

DROPPAR UT: Mange elevar i yrkesfaga droppar ut før dei kan byrje som lærlingar innan til dømes industrifag.

Foto: Ole Christiansen / Scanpix

Reidun Liljedal Fimreite ved opplæringsavdelinga i fylkeskommunen likar ikkje situasjonen.

– Det er jo klart at tala er er ganske høge. Det er berre halvparten som går ut i lære og resten vel noko anna. Det er jo klart at dette også er ein kostnad for fylkeskommunen, seier Liljedal Fimreite.

Usikre på årsakene

Av dei 850 elevane som går på det fireårige yrkesfaglege løpet med to års utdanning og to års læretid, var det i fjor berre 390 som byrja som lærlingar.

Om lag halvparten av dei som slutta gjekk direkte over i anna utdanning. Den andre halvparten tok seg eit friår. Vi er usikre på kva som er årsakene til at så mange sluttar, Liljedal Fimreite.

– Dette er jo forholdsvis ferske tal for oss. Vi vil jo no arbeide vidare med å kartleggje kva som ligg i dette, sler ho fast.

Fleire her i fylket

Samanliknar ein med tala på landsplan er det to prosent fleire som kuttar ut læretida her i fylket.

Jorunn Eide Kirketeig

UROA: Jorunn Eide Kirketeig.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Jorunn Eide Kirketeig ved opplæringskontoret Pro er uroa over dei ungdommane som droppar heilt ut.

– Det er uheldig for alle som fell utanfor yrkeslivet å bli gåande og ikkje gjere nokon ting, meiner Kirketeig.

– Meir yrkesretting

Ho har følgjande resept for å få elevane til å oppretthalde interessa for faget og å gå vidare over til læretida.

– Vi må få enda meir yrkesretting under utdanningane. Særleg medan dei er på skule slik at dei ikkje blir leie. Når dei så er ute i lære må det leggjast godt til rette for at dei får motiverande arbeid og forstår yrkeslivet som ein spennande arena å utvikle seg på, seier Kirketeig.