Hopp til innhold

Skal halde vêrdamene med selskap, glopparen Kristen erstattar Eli-Kari

Kristen Myklebust Ravnestad (27) er den nye vêrmeldaren på TV2. – Det er greit å vere einaste hane i flokken, seier han.

Kristen Myklebust Ravnestad Eli-Kari Gjengedal

OPPLÆRING: Over nyttår kan vi sjå Kristen Myklebust Ravnestad framfor vêrkartet på TV2. Her saman med forgjengaren Eli-Kari Gjengedal.

Foto: Ronald Toppe / storm.no

– Det blir veldig spennande. Eg gler meg veldig til å begynne på jobben og trur det blir utfordringar i fleng, seier Kristen Myklebust Ravnestad frå Sandane i Gloppen.

Glopparen er ikkje ukjend med faget. Han er utdanna meteorolog og har arbeidd i Storm sidan 2010.

– Kva var det som fekk deg til å søkje på stillinga som vêr-presentatør?

– Som varslingsmeteorolog så sit du og jobbar med både media, profesjonelle kundar og private personar og formidlar vêr. Det er den delen av jobben som eg tykkjer har vore mest spennande og kjekkast å drive med, seier han til nrk.no.

Så når stillinga som vêrpresentatør var ledig på storm og TV2, tenkte han at det var eit glimrande høve til å få utfordre seg vidare.

Stillinga skal glopparen dele med Elin Tvedt, som også tidlegare har vore å sjå framfor TV2 sitt vêrkart, skriv Firda Tidend.

Held på dialekta

For når TV2s kjende vêrdame, Eli-Kari Gjengedal no sluttar, treng dei ein erstattar.

– Eg veit ikkje om det er fordi eg har dialekt frå Sogn og Fjordane eg òg som gjer at eg kjem til å dukke opp på skjermen, men det er no kjekt å kunne vidareføre ei så flott dialekt på tv-en, seier Myklebust Ravnestad.

Sjølv om han er i frå Sandane har han budd i Bergen i mange år, men held framleis på dialekta si.

– Eg har ikkje blitt miljøpåverka enno. Det er kort veg heimatt og kvar gong eg er heime vert eg korrigert for det som er feil, ler han.

(Artikkelen held fram under biletet)

vêrmeldar Kristen Myklebust Ravnestad

VÊRMELDAR: Snart skal Kristen Myklebust Ravnestad melde både fint og stygt vêr.

Foto: Ronald Toppe / storm.no

Positive til vêrmannen

Heile søkjarprosessen har vore hemmeleg, men på tysdag vart det offisielt at han vert den nye vêrmeldaren på TV2.

– Eg har fått veldig mange kjekke tilbakemeldingar det siste døgnet. Det er veldig kjekt, seier han.

Han tenkjer ikkje så mykje over at han er einaste mannen blant vêrmeldarane.

– Eg har ein gjeng med kjekke kollegaer her. Så det er greitt å vere einaste hanen i flokken her, seier Myklebust Ravnestad.

Ein ny kvardag

– Korleis blir det å vere på TV-skjermen i alle hus?

– Det blir jo noko heilt nytt å ta omsyn til. Eg har jo såtte litt bortgøymd på varslingsdesken på storm i to og eit halvt år. Dette blir nok ein heilt anna måte å formidle og stå fram på, seier glopparen

Han trur den største utfordringa blir å bevege seg og opptre framfor kamera.

– Det blir nok den største utfordringa med jobben, men òg kanskje det som blir mest spennande. Eg gler meg veldig til å prøve, seier Myklebust Ravnestad.

Han har enno ikkje tenkt så mykje på mediemerksemda utanfor TV-skjermen.

– Eg er ikkje så veldig redd for det, men så har eg ikkje tenkt så mykje på det heller. Det har ikkje vore noko motivasjon for å prøve å komme på skjermen sånn sett. Det er jo mogleg at det blir litt, men det tar eg som det kjem.

På skjermen neste år

No er han i full gon med opplæring og det er mykje å sette seg inn i.
– Det er nye system og sjølv om eg har meteorologibakgrunn, har eg ikkje noko særleg media-erfaring frå før av, fortel han.

– Når får vi sjå deg på skjermen?

– Det blir mykje trening no fram til jul, så det er på nyåret at eg mest sannsynleg dukkar opp på skjermen.