Hopp til innhold

Endeleg fekk Stian fulltreffen han har drøymt om

Det skulle gå 443 speleminutt som A-lagsspelar før Stian Dyngeland endeleg fekk drøymemålet sitt. Sjølv vart han så glad at han sprang æresrunde rundt heile bana.

Intervju med Dyngeland etter kampen mellom Sogndal og Ålesund der resultatet vart 1-1.
Dyngeland skora.

SOLID INNHOPP: Stian Dyngeland sørga for eitt poeng til Sogndal, tre minutt etter at han kom inn for Tony Brochman.

21-åringen frå Totland i Nordhordland kom til Sogndal for å vere student, men etter dagens prestasjon mot Aalesund er det andre som kjem til å studere han i kampane framover.

Før kampen mot AaFK hadde han spelt i ti kampar utan å skåre, men berre tre minutt etter han blei bytta for Tony Brochman gikk ballen rett i nettmaskene.

– Sinnsjukt god kjensle

– Eg fekk beskjed om å gå inn i boksen, og innlegget kunne ikkje treft meg betre. Eg visste at etter eg hadde treft den ballen at den kom i alle fall til gå mot mål. Når eg såg den gjekk heilt ut i kroken, så var det ei heilt sinnsjukt god kjensle, sa ein opprømt Dyngeland til NRK etter kampen.

– Korleis vil skildre kjensla du fekk då ballen gjekk i mål?

– Det er vanskeleg å beskrive, men det første eg gjorde var å springe ein heil runde rundt bana. Visste ikkje heilt kvar eg skulle gjere av meg, eg berre sprang som ein idiot. Det var ekstremt deilig, er ikkje noko som er betre enn dette. Nå får vi ein positiv slutt på kampen og dreg med oss dette vidare.

Dyngeland

JUBLA: Lagkameratane jublar saman med Stian Dyngeland etter skåringa.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Udjus sklei

Sogndal fekk ein maksimalt dårleg start på kampen då AaFk-spelar Leke James leika seg med forsvaret til Sogndal etter berre fire minutt.

Sogndal-målvakt Kenneth Udjus sklei på det glatte underlaget og James kunne heade ballen enkelt i mål.

– Det var heilt hardt og glatt utpå der. For all del, det gjekk an å spele fotball utpå der, men det blei skjebnesvangert akkurat på målet. Hannu prøver å heade inn til meg, eg kjem kanskje ikkje heilt inn, men eg trur eg skulle fått ei hand eller to på den. Men eg sklir, og då blir det brått veldig vanskeleg, seier Udjus.

Intervju med trenar Olsson etter kampen mellom Sogndal og Ålesund der resultatet vart 1-1

Jonas Olsson om kampen.

– Var forsvarleg å spele

Både han og dei andre spelarane syntes det var tidvis vanskeleg å spele på det knallharde kunstgraset, men alle var samde om at det trass alt var forsvarleg å spele.

– Frykteleg kjedeleg, men ein kan ikkje spele med ispiggar utpå her. Det var forsvarleg å spele kampen, vi har spelt på langt dårlegare underlag før.
Men fantastisk gøy for Stian i dag. Han har stått på på trening, får sjansen og kjem inn og puttar. Det var verkeleg gøy å sjå han fekk full uttelling no, skryt Udjus.

– Glad for prestasjonen

Etter at AaFK sørga for leiing så tidleg i kampen, vart resten av 1. omgang ei grenselaust kjedeleg framsyning av innektiv fotball. Men i 2. omgang hadde Sogndal fått attende gnisten og leverte tidvis svært godt spel framover.

– Eg er veldig glad for vår prestasjon i dag, vi spelar god fotball. Sjølv om det blei litt inneffektivt, så fekk vi orden på angrepsspelet etterkvart og skapar så mange målsjansar at vi burde vunne kampen, meiner Sogndal-trenar Jonas Olsson.

Bomma på tre

Det same meiner svenske-brassen Santos som ikkje klarte å skåre på sine tre målsjansar.

– Det er klart vi skal vere glade for eitt poeng, fordi det er viktig. Men eg er ikkje nøgd, for vi kunne fått med oss tre poeng i dag. Vi spelte mykje betre enn Aalesund og no må vi berre sørge for å vinne neste gong, smiler Santos.

Men han og Sogndal får ein ny sjanse til å hente tre poeng alt neste måndag heime på Fosshaugane. Då kjem Vålerenga på vitjing frå hovudstaden.