Hopp til innhold

No er snøen kommen i låglandet

Torsdag morgon ligg snøen kvit på alle fjellovergangane. Men det er ikkje berre i høgda du kan møte på snøen i dag - no kjem den nemleg også i låglandet.

Snø på riksveg 15 ved Bryggja i Nordfjord

SNØ: Slik ser det ut på riksveg 15 ved Bryggja i Nordfjord tidleg torsdag morgon.

Foto: Eva Westvik / NRK

Vakthavande Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen seier det allereie har kome meldingar om snø i låglandet fleire stader i både Sunnfjord og i Nordfjord.

Snøen kan kome ganske lokalt, så folk bør vere budde på at forholda kan variere frå stad til stad. På dei største fjellovergangane er det no skikkeleg snøføre.

– Alle fjellovergangane er kvite for augneblinken, og det er meldt om meir snø utover dagen, seier Nedberge Hille til NRK.no tidleg torsdag morgon.

Ved Vegtrafikksentralen har dei allereie fått inn meldingar om at det kan vere dårleg sikt på fjellovergangane på grunn av kombinasjonen med snø og vind.

Det er meldt om at det kan bli lokalt vanskelege køyreforhold på grunn av vind og snø utover dagen, også i låglandet. Fleire av NRK Sogn og Fjordane sine lyttarar fortel om snø i lufta der dei er.

Ein lyttar frå Guddalen i Fjaler fortel at ho måtte koste bilen fri for snø før ho kunne køyre til jobb i dag tidleg, medan ein lyttar i Høyheimsvik i Luster fortel at det er blaute snøfiller i lufta. Også på Borgund er det snø i lufta, ein lyttar skriv til NRK på tekstmelding at det er snø ned til 400 meter over havet, og at det er kome litt snø på vegen nokre stader.

På Sandane er det ifølgje ein lyttar 0 grader i halv sjutida, men vegane er framleis våte. Ein brøytesjåfør på Heldalsheia i Fjaler fortel om 0 grader og fem centimeter snø der han er.

Riksveg 5 Frudalen i Sogndalsdalen

KVITT: På riksveg 5 ved Frudalen i Sogndalsdalen er det kvitt i grøfta, men førebels ser vegen bar ut.

Foto: Statens vegvesen/Webkamera
Fylkesveg 60 Utvikfjellet

SNØ: Slik såg det ut på fylkesveg 60 over Utvikfjellet tidleg torsdag morgon.

Foto: Statens vegvesen/Webkamera
Snøføre på fylkesveg 57 mellom Rutledal og Sløvåg i Gulen

SNØFØRE: Lyttar Jan-Helge Lekva fortel om snøføre på fylkesveg 57 mellom Rutledal og Sløvåg i Gulen torsdag morgon.

Foto: Jan-Helge Lekva