I går kom konsulentrapporten med alternativ for endring i strukturen for dei vidaregåande skulane i fylket. Det vart lagt fram fleire alternativ, men skulane i Ap-bastionane Årdal og Høyanger er begge på lista. Lægreid vil kjempe for skulen i Årdal.
– Eg lit på at Sogn og Fjordane Arbeidarparti har i sitt partiprogram for desse fire åra at vi skal ha ein desentralisert skulestruktur på dei vidaregåande skulane. Det er eg fullt ut samd i, og dette vil sjølvsagt vi i Årdal kjempe for når det blir ei sak i fylket.
– Ikkje mogeleg å legge ned
– Men dersom fylkestinget med Arbeidarpartiet sine røyster går inn for alternativet som inneber nedlegging av Årdal vidaregåande skule, kan vi då vente eit politisk jordskjelv i Arbeidarpartiet?
– Den vidaregåande skulen i Årdal er ein så viktig institusjon i lokalsamfunnet at eg trur ikkje det er mogeleg å legge han ned. Eg er trygg på at Sogn og Fjordane Arbeidarparti og fylkespolitikarane ikkje vil går til så drastiske tiltak.
– Men om dei gjer det, kan det bli veljarflukt?
– Det er hypotetisk, eg trur ikkje dei kjem til å gjere det.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet).
– Omsut for Luster og Høyanger
Rektor Geir Kjetil Øvstetun ved Årdal vidaregåande skule seier dei har teke konklusjonen i konsulentrapporten med fatning, sjølv om skulen er med i det mest ytterleggåande nedleggingsalternativet.
– Vi i Årdal er ikkje verst råka, men det er ei alvorleg stemning, og vi har omsut for dei som sit i Luster og spesielt i Høyanger.
Årdal vidaregåande skule har i dag rundt 200 elevar, men skulen risikerer å misse 30 elevplassar dersom helse- og sosiallinja blir lagd ned.
– Færre skular uråd å unngå
Rektoren ser at det er behov for å gjere noko med skulestrukturen i Sogn og Fjordane.
– Det er viktig å ha eit desentralisert skuletilbod, men det er umogeleg å unngå at talet på skular blir færre. Det er ein realitet vi må ta innover oss, både her i Årdal og elles i fylket. Det er vesenteleg at vi får ei avgjerd i juni 2013, elles skyv vi berre problema framfor oss.
Ida Jarstadmarken er elevrådsleiar, og ho lovar at elevane i Årdal vil mobilisere mot ei nedlegging av Årdal vidaregåande skule.
– Ei nedlegging vil vere trist med tanke på at dette er framtida vår. I så fall må mange flytte på hybel eller pendle, og det er ikkje alle som er modne for det når dei er 16. Vi vil vere med og påvise konsekvensane i den høyringsrunden som kjem.