Hopp til innhold

Bekymra for anbodsruter

Nor-Way bussekspress er bekymra for korleis bussrutene blir handtert når rutene blir lagt ut på anbod.

Ekspressbuss

ANNLEIS BUSS? Fylkeskommunane kan velja å vidareføra eller bryta samarbeidet med Nor-Way.

Foto: NRK

– For passasjerane sin del, so er me bekymra for om det i yttarste konsekvens, fører til at alle fylkeskryssande ruter vil bli brotne ved kvar einaste fylkesgrense, noko som kan føra til at ein må byta buss, at det blir nye billettsystem og so vidare, seier Bjørn Østbye, administrerande direktør i Nor-Way Bussekspress.

Arbeidet med å leggja ekspressbussrutene ut på anbod er i gong. Seinast i 2019 skal alle fylkeskommunale bussruter vera utlyste på anbod på grunn av eit nytt EU-direktiv, og i Sogn og Fjordane er det ruta frå Stryn til Ålesund som er først ute – i mai 2014.

Fryktar for passasjerane

Det er opp til fylkeskommunen om dei vil halda fram samarbeidet med Nor-Way eller om dei vil stå heilt på eigne bein.

Det vil i so fall bety nytt utsjånad på bussane. Men Østbye fryktar at bussfargen er den minste bekymringa, han meiner at det kan gå utover passasjerane om det blir dårleg flyt over dei fylkeskryssande rutene.

– Fylkeskommunen kan velja å ei ny samarbeidsform med oss, eller dei kan ta det ut av Nor-Way, systemet. Det inneber at dei forsvinn frå våre nettsider, bestillingssystem på nett og rutetider. Då blir det eit heilt eige fylkeskommunalt tilbod.

– Korleis blir samhandlinga over fylkesgrensene då?

– Det kan i yttarste konsekvens bli at kvar einaste rute blir brotne ved alle fylkesgrensene, noko som vil bli ei dårleg oppleving for passasjerane. Då kan dei måtte byta buss og kjøpa nye billettar for kvar einaste grense, seier Østbye.

– Uendra rutetider

– Rutetilbodet me skal ha ut på anbod blir tilnærma uendra i forhold til slik som det er i dag, seier rådgjevar i samferdsleavdelinga hjå Sogn og Fjordane fylkeskommune, Øystein Hunvik.

No jobbar dei med anbod som gjeld alle kommunane i Nordfjord, som skal ut i 2014, samt den fylkeskryssande ruta mellom Stryn og Ålesund.

– Det blir dei same rutetidene som det er i dag, fortel Hunvik.

– So den einaste forskjellen vil vera kva farge det er på bussen?

– Ja, om det i det heile blir nokon forskjell, det er jo ikkje bestemt endå, seier Hunvik.

– Det som er viktig for publikum er jo at det går ein buss slik som i dag.

Om det skal gjerast vesentlege endringar på rutetilbodet, må politikarane på bana. Det er ikkje noko busselskapa eller administrasjon kan gjera utan vidare.