Hopp til innhold

Postkassa heng for høgt for handikappa Anna-Pia. Det bryr Posten seg fint lite om

Anna-Pia Nygård er 100 prosent avhengig av rullestol. Likevel insisterer Posten Norge på at hennar postkasse må henge så høgt at ho ikkje klarer å få tak i breva ho får.

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

Postkasse-trøbbel

I den vesle bygda Remmedalen i Eid kommune bur Anna-Pia Nygård. Naturen er vakker og livet er godt for handikappa Anna-Pia.

Så langt er alt bramed å flytte til ein liten plass. Men så var det denne postkassa då. For høgt heng den, og sure er både Anna-Pia og postvesenet.

Ho er sur på dei fordi ho rett og slett ikkje når tak i posten sin. Først fordi postkassa dei hang opp stod så kronglete til at ho ikkje fekk handa nedi. Så flytta dei den så høgt opp at ho på ingen måte kunne klare å få tak i posten sin. Posten er sure fordi ho nektar å godta deira krav.

– Utilgjengeleg

– At noko så banalt som faktisk å hente posten sin skal vere så vanskeleg. Dei gjer det utilgjengeleg for meg. Eg har ingen moglegheit til å hente den på deira vilkår, seier Anna-Pia til NRK.

Postkassestativ remmedalen

FOR HØGT: Dette postkassestativet er fint og flott. Men utilgjengeleg for Anna-Pia Nygård.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det var på Facebook det heile starta denne veka. Etter månader med frustrasjon over manglande forståing frå Posten, skreiv ho mellom anna dette på den sosiale nettstaden:

«Eg har flytta til ei bygd i Eid kommune der dei har postkassestativ. Ikkje noko uvanleg dette, men eg fekk eit problem med å få tak i breva som låg i postkassa på stativet. Kvifor? Eg kom meg ikkje nær nok.

Eg brukar nemlig rullestol. Og sidan postkassestativet står tvers over fylkesvegen, ca 500 meter med humpete skogsveg i frå huset, kan eg ikkje bruke min vesle, manuelle rullestol, men eg flyttar meg over i ein motorisert for å kome dit. Ikkje ideelt for meg, men det går. Viss eg berre hadde fått tak i breva i postkassa.

Eg såg på augemål at eg ikkje ville kome inntil poststativet, så eg starta med å sette postkassa på ein einsleg påle på motsett side av fylkesvegen. Då kjem eg meg nemlig heilt inntil. Men, nei. Då fekk eg brev om at eg øydela for postens effektivitet.»

Anna-Pia Nygård

FRUSTRERT: Anna-Pia Nygård får ikkje hente posten der ho kjem til.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Tek 14 sekund

Då NRK sitt TV-team drog på besøk til Anna-Pia Nygård tysdag kunne ein ved sjølvsyn teste at det tek 14 sekund å gå frå postkassestativet og bort til stolpen der Anna-Pia vil ha si lett tilgjengelege postkasse. Altså ikkje særleg langt, heller ikkje for postmannen eller postdama.

Det er distribusjonsleiar Richard Haughovd for Posten i Eid og Stryn samd i.

– Nei, det er eg heilt samd i. Det er ikkje så frykteleg langt, konkluderer Haugshovd.

Han peikar på at Posten forsøker å legge til rette for alle partar, både dei som leverer post og dei som mottek posten.

Eg kan ikkje garantere at det blir ei rask løysing. Vi kan kkje seie meir om dette før klagen hennar er behandla, seier Haugshovd.

– Så fortvila

Og no er Anna-Pia Nygård sint, noko ho gav klart uttrykk for på Facebook måndag kveld:

«Det som gjer meg så eitrande og så fortvila er at her har eg brukt dei 25 åra som rullestolbrukar til å overbevise meg sjølv og omverda om at eg kan få til noko; at handikappet er ingen hindring til å ta utdanning, få fast jobb, klare seg sjølv. Takk til posten som dyttar meg ned med janteloven i hand. Atter ein gong forstår eg at eg skal leve livet på andre sin velvilje, også der det kan vere unødvendig. Det var dumt av meg å prøve på noko anna»

Skal finne ei løysing for begge partar

Etter at NRK tok tak i saka, har Posten opna for å finne ei løysing begge partar kan leve med.

– Ei løysing kan vere at postkassa vert flytta ned på postkassestativet, slik at det blir mogleg å hente den frå rullestolen. Posten vil hjelpe til med dette. Men eg vil presisere at det ikkje er Posten som har plassert postkassa på stativet, seier informasjonssjef Jørn Michalsen.

– Posten set ikkje opp private postkassar, og så vidt vi kjenner til er det tidlegere eigar av huset som har sett den opp. Men for oss er det altså ikkje noko poeng at den står der den står, seier han.