Hopp til innhold

HiSF-studentar vart norgesmeistarar

Studentar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane vann i dag norgesmeisterskapen i volleyball for studentar. – Det blir nok ei ordentleg studentfeiring i kveld, smiler vinnarlaget.

NM-vinnarane i volleyball for studentar

GULLGUTAR: Bak frå venstre: Morten Johnstad, Henrik Holth, Anders Nedland Røneid, Anders Kvamme, Sindre Grotle Framme frå venstre: Anders Veibust, Eivind Sevaldsen Dyrnes, Åsmund Fagna, Jonas Nyløy Navarsete. Ikkje til stades på biletet: Lars Gudmund Brandal.

Foto: Cathrine Nygaard

Frå torsdag av har norgesmeisterskapen i volleyball for studentar gått av stabelen i Bergen. Eit lag frå Høgskulen i Sogn og Fjordane var med, og dei gjorde rett og slett reint bord i turneringa med dei 12 beste studentlaga frå heile landet.

– Me vann alle kampane me spelte, seier Jonas Nyløy Navarsete frå Sogndal, som var på vinnarlaget.

– Det er fantastisk herleg, det er ikkje noko å seia på det, seier han.

Slo bergensarane på heimebane

I finalen spelte dei mot Norsk Handelshøyskole frå Bergen, ein kamp som vart av det nervepirrande slaget

– Me vann det fyrste settet ganske komfortabelt, men det andre settet tok dei. Då var me verkeleg dårlege, men i det tredje settet vann me knipent 15–13.

– Når den siste ballen gjekk inn i vår favør sprang me rett inn på bana og skjønte kanskje ikkje heilt kva som hadde skjedd, seier Nyløy Navarsete.

Underdog

Mange av studentlaga spelar med dei same laga i den vanlege serien i volleyball. Laget frå HISF spelar til vanleg i den lokale andredivisjonen, og var å rekna som underdogs i denne turneringa.

– Me slo fleire studentlag som spelar i fyrstedivisjon til vanleg, so det var veldig moro å slå dei.

– Me har lyst å rykka opp til fyrstedivisjon, men me har ikkje nok ressursar til det. Då må det skje noko med sponsinga frå lokale krefter.

Vil til EM for studentar

Å driva med lagsport krev ein viss kontinuitet i laget. For eit lag som er berre for studentar kan det vera utfordrande.

– Mange reiser kvart år. I år fekk me heldigvis ein ny oppleggjar, noko me trengte. Nivået kan svinga veldig frå år til år, so me er avhengige av folk som skal studera her i minst tre år.

Neste år satsar dei på å kvalifisera seg til EM for studentlag.

Sigeren skal feirast med bankett i Grieghallen, før dei skal gjera noko anna studentar også tradisjonelt sett er flinke til.

– Det blir vel ein liten tur ut på byen seinare, det er studentane flinke til, smiler han lurt.