Hopp til innhold

Rideleir med discomusikk og teikning på hestar i Viksdalen

– Her er alle slags folk, både born, unge, vaksne og besteforeldre! strålar Karine Hetle Solheim, som driv Fosseheimen Naturpark. Denne veka er det rideskule som står på programmet.

Rideleir i Fosseheimen Naturpark

POPULÆRT: Fosseheimen Naturpark får besøksrekord i år.

Foto: Anne Viken

Eit ridesenter der discomusikken dundrar ut frå høgtalarane er nok ikkje noko du ser kvar dag. Men i Fosseheimen Naturpark er det nett det det er.

– Eg tek til meg hestar som ikkje fungerer for andre. So brukar eg musikken som terapi for hestane, og ungane klarar også sleppe seg meir fri når musikken er på, seier Karina Hetle Solheim.

«Klyp meg i armen»

Etter at ho fekk ein skade i ryggen for ein del år sidan, gjorde ho ein avtale med NAV, som ein del av attføringa, om å etablere sin eigen arbeidsplass heime på garden – og dermed var Fosseheimen Naturpark heime på garden i Viksdalen eit faktum.

Birger Meland, Karina Hetle Solheim, Malene Hetle Hole og Oline Hoff køyrer vogn på ridebana

STORKOSAR SEG PÅ LEIR: Birger Meland, Karina Hetle Solheim, Malene Hetle Hole og Oline Hoff køyrer vogn på ridebana

Foto: Anne Viken

– Sidan starten var tanken å bruka garden til opplæring av ungar som kunne lære om dyr og landbruk, seier ho.

– Hadde du trudd det skulle gå so bra?

– Nei, eg hadde eigentleg ikkje det. Det er litt slik «klyp meg i armen, stemmer dette?» Eg er berre strålande nøgd!

«Eg gjekk ikkje opp på den største med ein gong»

Denne veka er det rideskule på garden. Her kan ungar koma å ri, blant dei som har funne vegen til stallen, er ni år gamle Emma Birkeland Haufe frå Bergen.

– Dei er ikkje skumle, det er ganske moro å ri. I Bergen er det rideskular, men det er ikkje rideleirar, fortel ho.

Emma Birkeland Haufe frå Bergen og Ronja Vallestad frå Viksdalen kosar seg på rideleir

HAR DET KJEKT: Emma Birkeland Haufe frå Bergen og Ronja Vallestad frå Viksdalen kosar seg på rideleir.

Foto: Anne Viken

– Dette er mykje betre enn å ligge heime å sjå på TV, seier Ronja Vallestad frå Viksdalen.

Ho rir for fyrste gong denne veka, og det var ikkje heilt utan sommarfuglar i magen at ho gjekk opp på hesten for fyrste gong.

– Det var litt skummelt første gong, men eg gjekk ikkje opp på den største hesten med ein gong.

Teikna med krit på hesten

Det er ikkje berre det å sitja på ein hest ungane får læra meir om. Dei får også lære meir om kva som finst inni hesten.

– Me brukte krit og teikna utanpå hesten for å visa kva som er inni han. Ein må prøve å gjera det litt enkelt, slikt som «Her finst eit bein, her er tarmar og slik ser det ut», seier dyrlege og forfattar Anne Viken.

Anne Viken pratar om hest

PRAKTISK: Slik kan ein læra om kva som er inne i hesten på ein enkel og grei måte. Dyrlege og forfattar Anne Viken har dyrlegetime for leirdeltakarane.

Foto: Anne Viken

– Det er ganske viktig at dei får lære om kva som er inni hesten og slikt når dei byrjar å ri. Ein hest er eit hobbydyr, og det er viktig å vite korleis ein skal gi den rett mat, kva skal ein gjere om den blir sjuk og slike ting, seier ho.

Populært

– Årets sesong har vore fantastisk! Me har hatt besøksrekord, me er truleg oppe i 5000 besøkjande før året er omme. Me har ofte høyrt at me ikkje er spissa nok, men me er so godt spissa at me treff alle, seier Hetle Solheim.

Ho satsa ein million kroner i eigne pengar på dette prosjektet, og fekk støtte av NAV på grunn av ryggen.

– Det viktigaste er at me skal ha arbeidsplassar, og me driv lønsamt. Til sommaren må me ha sommartilsette, smiler ho.