Hopp til innhold

– Unge tenkjer dei skal klare alt

Kravet om å lykkast i både jobb og på privaten kan fort bli for mykje for mange unge arbeidstakarar. Psykologiprofessor ber folk om å halde eit vakent auge til korleis kollegaene har det.

Stig Berge Matthiesen

PRESS: Psykologiprofessor Stig Berge Matthiesen trur eit krevjande og meir utfordrande arbeidsliv har skulda for at mange unge går på ein smell.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

Stadig fleire nordmenn blir vekke frå jobb fordi dei slit psykisk. Om ein har brote ein fot eller har ilt i ryggen er det kanskje lettare å snakke om, men no viser det seg at svært mange er sjukmelde fordi dei har psykiske problem.

I Sogn og Fjordane viser ferske tal frå NAV at nærare 50 prosent av sjukefråværet kjem av psykisk sjukdom. Mange av dei som er vekke på grunn av slike problem er unge menn og kvinner.

Stig Berge Matthiesen som er professor i samfunnspsykologi meiner ei av årsakene er at dei unge bit over for mykje.

– Unge tenkjer kanskje at dei skal klare alt, seier Berge Matthiesen.

Trur arbeidslivet er blitt tøffare

Folk er ikkje berre vekke frå arbeid fordi dei har senebetennelse, muskelsmerter i nakke og rygg eller har fått ein kraftig lungebetennelse. Nye tal frå NAV viser at det legesjukmeldte sjukefråværet har gått opp med 20 prosent frå 2000 til 2011, skriv Aftenposten i dag.

I Sogn og Fjordane er situasjonen no slik at så mykje som halvparten av sjukefråværet skuldast psykiske plager, mest vanleg er det at folk er deprimerte.

Stig Berge Matthiesen er professor i samfunnspsykologi ved Universitetet i Bergen. I tillegg til at folk i dag er meir opne om dei psykiske problema sine, er det også ei anna enkel forklaring på auken, meiner han.

– Eg meiner det har samanheng med at arbeidslivet er blitt meir krevjande og utfordrande enn før, seier Berge Matthiesen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Depresjon og angst

DEPRESJON: I Sogn og Fjordane er halvparten av sjukefråværet på grunn av psykiske problem. Mest vanleg er det at folk er deprimerte.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Meiner unge blir for ivrige

Mange opplever det ein kan kalle å gå på veggen. Alt kan kjennest tungt og vanskeleg, ein er nedstemt og orkar gjerne ikkje vere med på så mykje.

At det er spesielt mange unge som opplever dette trur Berge Matthiesen har ei forklaring. Kravet om å vere vellukka både i jobb og på privaten kan bli for mykje for mange.

– Det kan ha samanheng med at mange unge er i etableringsfasen, der dei har krevjande forpliktingar på forskjellige arenaer, seier psykologiprofessoren.

Han trur i tillegg at mange unge ikkje kjenner sine eigne grenser og bit over for mykje på same tid.

– Unge kjenner seg sjølve i mindre grad enn det eldre gjer. Dei er ivrige og vil vise kva dei duger til, og dei står veldig på for å vise sin kapasitet, seier han.

– Tek unge på seg for mykje?

– Samfunnet er iallfall slik at det krev meir effektivitet, og eg vil hevde at det er eit større press enn før.

Berge Matthiesen meiner presset i arbeidslivet også har ein samanheng med at arbeidsmarknaden er internasjonalisert og at konkurransen har blitt større.

– Viktig med sosial støtte

Mange som slit med psykiske problem søkjer profesjonell hjelp for å bli friske. Psykologiprofessoren seier det er mykje vanlege folk kan gjere for å hjelpe kollegaer som slit.

– Det er viktig for folk å ha tilgang på sosial støtte. Dette vil også kunne fungere som ein buffer i forhold til stress og belastningar, seier han.

– Ei viktig form for sosial støtte er å vise at ein bryr seg, viser omtanke for personen og gir ærlege tilbakemeldingar.

Meiner det er viktig å seie frå

Om ein for eksempel ser at kollegaen trekkjer seg tilbake og har eit svingande humør kan ein seie frå om at det kanskje er på tide å roe ned i forhold til arbeidspress.

Det verste ein kan gjere er å oversjå at andre ikkje har det bra.

– Eg har høyrt om folk som seier at dei rundt dei har bekymra seg, og sagt at dei har venta på at dei skal gå på ein smell. Men likevel har dei ikkje sagt noko til vedkommande.

– Det er ein misforstått form for lojalitet, legg han til.