Hopp til innhold

Sjå korleis ein gjetarhund jobbar

Gjetarhundar er på ingen måte noko som høyrer fortida til. Også for dagens sauebønder er gjetarhunden ein god hjelpar.

I helga gjekk Fylkesmeisterskapen i gjetarhund av stabelen på Mo i Førde. Her gjeld det å ha full kontroll på hunden sin.

SLIK JOBBAR GJETARHUNDEN: Sjå korleis ein gjetarhund gjer det når han skal gjete ein liten flokk med sauer gjennom løypa. (FOTO: Alf Vidar Snæland)

Skal du få ein god gjetarhund som kan hjelpe deg med sauesankinga skal det mange timar med trening til. Tålmod og velvilje frå både hund og eigar må til, men når ein lukkast kan ein verkeleg dra nytte av hjelpa frå den firbeinte.

Mange av dei aller beste gjetarhundane i Sogn og Fjordane var i helga samla på Mo jordbruksskule utanfor Førde. Her kjempa dei om sigeren i Fylkesmeisterskapen for gjetarhund.

Øvst i saka kan du sjå korleis ein av hundane gjennomførte konkurransen.

– Eit fantastisk arbeidsreiskap

Det var Førde Sau og Geit som stod bak arrangementet i år. Per Ravndal som er leiar seier han opplever at stadig fleire ser nytta i å ha ein gjetarhund på garden.

– Det er eit fantastisk arbeidsreiskap, seier han.

Under konkurransen fekk ein sjå korleis eigar og hund samarbeider. Fem sauer vart sett ut vel 300 meter ute på eit jorde, og så blir hunden sleppt ut. Eigaren gir signal til hunden om korleis den skal gjete sauene gjennom løypa.

– Dei beste hundane får signal med ei fløyte, medan ein del av dei yngre hundane gjerne går på stemma i starten, forklarar Ravndal.

– Sparar enormt med tid og folk

Mange trur kanskje at gjetarhundar ikkje er noko som er i bruk lenger, men alle hundane som deltok i konkurransen blir brukt til gjeting.

– Ein gjetarhund sparar både enormt med tid og folk, seier Ravndal.

For har du ein dyktig og trufast gjetarhund kan du nok klare deg utan både mor, svigerfar og naboen når du skal hente sauene ned frå fjellet.

– Ein gjetarhund gjer jobben for mange mann, seier Ravndal.

– Det verkar som det er stadig fleire som får auga opp for kor nyttig det er med ein slik hund, seier han.