Hopp til innhold

Kongen fiska i elva i juni - i dag sikra dei bestanden for framtida

Feit og fin villaks er det alle drøymer om når dei skal fiske i norske elvar. Men at det er villaks i elvane er ingen sjølvfølgje – mange stader må det dugnadsinnsats til.

Knut Munthe Olsen med ein stor laks fanga i Årøyelva i Sogndal. Bak i biletet er dottera Ida.

SVÆRING: Knut Munthe Olsen med ein av dei skikkeleg store laksane dei fekk henta opp frå Årøyeleva søndag.

Foto: Nina Munthe Olsen

Årøyelva i Sogndal er ei populær lakseelv. Opp gjennom åra har elva vore vertskap for store laksefiskarar som prinsen av Wales og motedronninga Coco Chanel for å nemne nokon. Seinast i juni var sjølvaste Kong Harald på plass for å teste fiskelukka.

Men det er ikkje utan vidare at elva år etter år kan vise til både mykje og stor laks. Årøyelva er ein av mange elvar i Norge der det kvart år blir lagt ned ein stor dugnadsinnsats for å sikre villaksstammen. Elva her er regulert med eit kraftverk, og for å sikre laksestammen har ein dei siste åra drive med såkalla stamfiske.

Kort fortalt skjer det ved at ein fangar inn stor og gyteklar fisk, stryk ut egg frå hofisken og befruktar dei med melke frå hannfisken. Etter to og eit halvt år i klekkjeriet slepp dei ut smolten i elva.

– Det følast ut som det vi gjer er av stor betyding, seier grunneigar Knut Munthe Olsen om arbeidet dei gjer i elva.

Fekk fleire sværingar

Søndag hadde han tromma saman ein stor dugnadsgjeng for å gjere den kanskje mest krevjande delen av stamfisket – nemleg å fange inn dei store og gyteklare laksane.

Munthe Olsen seier dei alltid er spente på kor store laksar dei kan klare å få tak i.

– Vi veit at det er mykje laks att i elva etter laksefisket.

– Store fiskar har bite på, men så har fiskarane mist dei, seier han.

Og nettopp nokre av desse sværingane har dugnadsgjengen fått tak i. Grunneigaren forklarar at dei brukar garn som dei slepp ned i elva og trekkjer nedover.

– Det er ein effektiv og skånsam måte å fange fisken på, forklarar Munthe Olsen.

– På det eine kastet med garn fekk vi tre svære hannfiskar på mellom 15 og 20 kilo. Vi fekk og nokre store hofiskar på rundt ti kilo, fulle av rogn, fortel grunneigaren oppglødd.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stamfiske i Årøyelva

SPENNANDE: Knut Munthe Olsen var sjølv ute i elva for å få tak på dei skikkeleg store laksane.

Foto: Nina Munthe Olsen

Plukkar ut dei beste fiskane

Etter at fisken er fanga blir den plassert i eit stort kar og frakta til klekkjeriet. Her tek dei mål av fisken og skaffar til vege skjelprøver. Prøvene blir sende til Rådgjevande biologar i Bergen som gir svar på om det er ekte villfisk eller oppdrettsfisk dei har fått tak i.

Ut frå prøvene vel Munthe Olsen ut dei fem beste hann- og hofiskane. Munthe Olsen seier dei prøver å ha fiskar frå forskjellige generasjonar.

Resten blir sett ut att i elva. Så startar jobben med sjølve befruktninga.

– Vi pressar ut rogn frå hofisken, melke frå hannfisken og så blandar vi dette og legg egga i klekkjeriet, forklarar Munthe Olsen.

Slepp ut 5000 smolt kvar vår

I klekkjeriet blir egga etter kvart til yngel, og så får dei vakse seg større til smolt. Etter to og eit halvt år i klekkjeriet er dei klare til å sleppast ut i elva.

Når smolten blir sleppt ut er den rundt 20 centimeter langt forklarar Munthe Olsen og seier at dei kvar vår slepp ut rundt 5000 smolt.

– Testar har vist at det er smolt som er det mest effektive å sleppe ut att, seier grunneigaren.

Det å setje ut smolt i elva er noko som har skjedd sidan 2002. Kultiveringa av elva starta så tidleg som på 1860-talet fortel Munthe Olsen. Den gong sette ein ut plummesekkyngel.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kong Harald fiskar laks i Årøyelva.

KONGEN PÅ BESØK: Kongen fekk to laksar då han prøvde fiskelukka i Årøyelva tidlegare i år.

Foto: Privat

Skal sikre bestanden

Arbeidet dei har gjort dei siste ti til femten åra er viktig for å sikre laksestammen i Årøyelva. Sidan elva er regulert med eit kraftverk er kraftselskapet, i dette tilfellet Sognekraft, plikta til å kompensere for eventuelle negative konsekvensar.

Det kan vere at turbinane i kraftverket stoggar opp, som igjen fører til at vatnet stoppar heilt og elva blir tørrlagt.

– Dette er ting som kan skje og ved slike hendingar kan mykje av fisken i elva gå tapt, seier Munthe Olsen.

Han presiserer at det for Årøyelva sitt vedkommande er slik at det er ein ventil som slår inn om noko slikt skulle skje. Dermed er ein alltid sikra ei minimumvasstand.

– Stamfisket er ein viktig garanti for at villaksbestanden i elva kan overleve, seier Munthe Olsen.

Ser at jobben dei gjer er viktig

Grunneigaren seier arbeidet med stamfiske er både spennande og viktig.

– Ein føler at ein er med på noko viktig, ein tek vare på den laksestammen som har vore her i tusenvis av år.

Munthe Olsen seier dei kvart år ser tydelege teikn på at dei har gjer noko som nyttar. Smolten dei sett ut i elva er merka og når den kjem tilbake ser dei kor mykje av fisken i elva som kjem frå klekkjeriet.

– Nokre år er 80–90 prosent av fisken i elva fisk som vi slapp ut som smolt, men i år er det litt meir villfisk enn fisk frå klekkjeriet.

– Det er fantastisk og betyr at villfisken har hatt gode år.