Hopp til innhold

Ikkje noko godt haustvêr i vente

Det er kanskje like greitt å ikkje bry seg så mykje med vêret? Denne haustferieveka er det nemleg ikkje spesielt gode meldingar på den fronten.

Regnvær

MEST AV DETTE: I starten av veka blir det nok mest av dette skal ein tru på meteorologen. Men når det er byevêr kan det også glimte til med litt sol innimellom.

Foto: Lise Åserund / Scanpix

Hadde du håpa på tørt og fint vêr så du kunne komme deg til fjells, eller kanskje rydde litt i hagen i haustferien? Vel, slik blir det ikkje.

Statsmeteorolog Mette Skjerdal ved Vêrvarslinga på Vestlandet har ikkje spesielt godt nytt å komme med når vi spør korleis vêret blir denne veka.

– Det blir nok mykje variert vêr denne veka, seier ho og fortel om ein ganske våt start på veka.

Regn og snø i fjellet

Både måndag og tysdag er det nemleg venta ein del regn fortel Skjerdal.

– Det startar med byevêr i morgon. Då vil vi ha vind frå ein sørvestleg og seinare vestleg retning, og det vil blåse ein del på kysten utover dagen.

– Etter kvart vil temperaturane falle og det blir kaldare utover dagen. Ein kan vente seg snøbyer over 600 til 800 meter, seier meteorologen.

Men så kan du få sjå sola...

Tysdagen kan det heldigvis sjå ut til at det blir hakket betre.

– Det vil halde fram med byevêr, men det ser ut til at det blir litt færre av dei.

– Sjølv om byevêret vil dominere, så vil det bli periodar med sol mellom byene, seier Skjerdal.

Usikkert resten av veka

Å seie noko heilt sikkert for vêret vidare utover i veka er ikkje så lett akkurat no, fortel meteorologen. Prognosane framover er nemleg veldig usikre forklarar Skjerdal, og seier at dei har skifta veldig den siste tida.

– Det kan hende det blir betre, men det er for tidleg å seie.

– Nokre av prognosane har sørleg og sørvestleg vind og regn rett i fleisen, medan andre har meir søraustleg vind som vil gi meir opphald og periodar med sol, seier ho.

Med andre ord må folk altså smørje seg med litt tålmod om dei skal vite noko meir sikkert om vêret utover veka.

(Artikkelen held fram under)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ingen vits å reise sørover eller nordover

Men kva så med dei som lurer på å reise dit som vêret er betre? Kor skal ein reise då?

– Det blir nok finare på Austlandet slik det ser ut no, seier Skjerdal.

Ho legg til at det ikkje nyttar å reise verken sørover eller nordover på Vestlandet om det er godvêret ein er på jakt etter.

– Vestlandet vil stort sett vere prega av byevêr.

Husk at det kan bli snø i fjellet

Om du uansett har tenkt å ta deg ein tur på fjellet dei næraste dagane bør du altså vere obs på at det kan bli både vindfullt og kvitt. Med andre ord kan det vere lurt å vere godt kledd.

– Det vil blåse ganske mykje, iallfall måndag og tysdag. Folk skal vere litt forsiktige og vite at dei kan møte på snø og sterk vind i fjellet, seier Skjerdal.

Måndag og tysdag er det venta snø i fjellet når ein kjem over 600 meter, medan ein truleg må høgare til fjells før ein møter på dei kvite bygene seinare i veka.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.