Hopp til innhold

Bil vart vekke i løpet av natta

Politiet har i morgontimane søndag fått melding om eit biltjuveri i Flekke i Fjaler.

Det var eigaren av bilen som oppdaga at bilen var vekke i morgontimane søndag. Ingen har verken sett eller høyrt noko i løpet av natta.

Bilen som er vekke var ein grå Mazda 5.

Litt over to timar etter at meldinga om biltjuveriet kom til politiet er bilen funnen att i Dale, nokre kilometer vekke frå der bilen vart vekke.

Saka blir vidare etterforska av politiet i Fjaler.