Hopp til innhold

«Kreative sjeler» tok seg til rette

Det som kanskje kan kallast nokre «kreative sjeler» tok seg i helga til rette på skulpturen «Fyrtårn for reisande» i sentrum av Balestrand.

Geir S. Hjetland fjerner "pynt" på skulpturen sin i Balestrand

VART FJERNA: Blomsterpottene fekk eit kortvarig opphald i høgda. Her er kunstnar Geir S. Hjetland på plass for å fjerne dei.

Foto: Robert Jan Leerink

Den rundt ti meter høge skulpturen er fint plassert nede ved Sognefjorden. Her er den godt synleg for dei reisande som kjem sjøvegen, og om to veker skal den avdukast under Norsk Drikke-festival.

Kunstnar Geir S. Hjetland jobbar framleis med den siste finpussen på skulpturen som har kosta 900.000 kroner. Mellom anna er det framleis jobb som skal gjerast for å få på plass lyd og lys i skulpturen.

Men i løpet av natt til laurdag var det nokon som blanda seg inn i arbeidet.

– Har for lite å gjere på

Laurdag morgon kunne ein nemleg sjå to plomsterpotter høgt oppe på skulpturen. Ein eller fleire «kreative sjeler» har då teke seg til rette. Om det var for å pynte opp skulpturen eller noko anna veit ein ikkje.

Sjølv trur kunstnaren at det er ungdom ikkje har hatt noko betre å ta seg til.

– Det er noko nokon som er litt kreative og som har for lite å gjere på, seier Hjetland til NRK.no.

– Det kan fort bli kostbart

Dei to plomsterpottene stod opphavleg langs båthamna, men fekk denne natta eit opphald i høgda. Men det varte ikkje lenge. Dagen etter var kunstnaren sjølv på plass for å ta det ned.

Ein stige han har nytta i arbeidet vart truleg også brukt av dei «kreative sjelene».

– Ein kan ikkje bli sur på slikt, men det kan fort bli ein kostbar affære. Glasplata som er på toppen er litt skjør, forklarar kunstnaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fyrtårn for Reisande

HØGT: Den eller dei som står bak har truleg teke seg opp i ein stige. Skulpturen er nær ti meter på det høgste punktet, medan det er rundt seks og ein halv meter opp til der blomsterpottene vart plassert.

Foto: Robert Jan Leerink

Klistra torv opp etter veggane

Den same natta opplevde også eigaren av servicebygget at nokon grisa til bygget hans. Arvid Bale seier til NRK.no at det truleg er dei same folka som står bak blomsterstuntet som har drive med tilgrisinga.

– Den eller dei som står bak har funne noko torv med jord som dei har klistra opp etter veggane. Dei har brukt fingrane og stroke det godt utover, seier han oppgitt.

Bale seier synet som møtte han ved servicebygget i båthamna laurdag morgon var ganske trasig.

– Eg prøve å spyle det ned, men det må vaskast for å få det bra att, seier han til NRK.no.

– Ikkje normal oppførsel

Kven som står bak veit han ikkje no. Han trur det kan vere vanskeleg å finne ut av. Men også han trur at det er ungdom.

– Vaksne folk gjer ikkje slikt, seier han.

Han ser med stor uro på at folk tek seg opp i stige på den høge skulpturen på hamna.

– Den aktiviteten er farleg. Ein kan ramle ned, seier han og legg til:

– Eg byrjar lure litt på dei som har gjort dette, det er ikkje normalt oppførsel.