Hopp til innhold

Måtte rydde opp i bråk og uro

Over heile fylket har politiet hatt å gjere på i løpet av natt til søndag. I Stryn stogga politiet ein rusa mann bak rattet, medan ein kvinne måtte overnatte i drukkenskapsarresten i Florø.

Rundt klokka 01 natt til søndag stogga politiet ein bilførar i Stryn. Ein alkotest av mannen i 40-åra viste at mannen hadde drukke.

Politiet tok førarkortet hans og tok mannen med til blodprøvetaking. Mannen kan vente seg eit oppgjer med lovas lange arm etter episoden.

Yppa til strid

Tidlegare på natta var det politiet i Førde som vart sett i sving. Like før klokka halv tolv seint laurdag kveld fekk politiet her melding om støy og høg musikk frå ein hybel i sentrum. Politiet gav leigetakaren grei beskjed om å dempe seg noko som blei gjort.

I Florø fekk to personar pålegg frå politiet om å reise frå sentrum. Dette skjedde etter at politiet ved halv eitt-tida fekk melding om at dei to hadde yppa til bråk utanfor ein skjenkestad.

Bråk rundt Oktoberfest

I Aurland har det vore fleire oppdrag for politiet denne natta. Operasjonsleiar Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt opplyser at det var ein såkalla Oktoberfest natt til søndag, og at bråket i bygda er knytt opp til denne.

Ved midnatt vart ein mann i 30-åra funnen overstadig rusa i sentrum av Aurland. Vedkommande var så rusa at han måtte ha hjelp av helsepersonell og vart seinare send til Lærdal sjukehus.

Rundt klokka 02 fekk politiet melding om slåsting i sentrum. Politiet kom til staden, men då hadde ting roa seg. Dei involverte reiste frå staden.

Berre nokre minutt seinare kom meldinga om nok ein overstadig rusa person. Vedkommande som var i byrjinga av 20-åra vart teken hand om av ambulansepersonell og fekk gå etter at ein lege hadde sett til han.

Til sjukehus

Ein person vart i natt køyrt til sjukehuset i Førde for kontroll etter ein episode i Florø litt over klokka halv tre. Det vart då meldt om slåsting ved ein utestad.

Ein overstadig rusa person hadde blitt skadd i ansiktet då han ramla, og det var denne personen som måtte til sjukehus for sjekk. Saka blir følgd opp av Flora politistasjon.

Vel ein time seinare måtte ei kvinne i midten av 30-åra takast hand om av politiet. Kvinna var så rusa at ho ikkje klarte å ta hand om seg sjølv og fekk overnatte i drukkenskapsarresten.

Dyrt dobesøk i Førde

I Førde tok politiet ein mann på fersken då han urinerte på offentleg stad. Mannen i midten av 30-åra vart meld for forholdet og kan truleg vente seg ei bot.

Politiet i Førde har også hatt trafikkontroll i løpet av natta. Ein bilførar vart meld då han ikkje hadde med seg førarkort.

I Sogndal hadde politiet heile fire patruljar ute i natt. Dette skjedde etter meldingar om at utagerande fotballsupportarar var på veg til saftbygda.