Hopp til innhold

Frykta supporterbråk i Sogndal - hadde fire patruljar ute i natt

Politiet hadde natt til søndag heile fire patruljar ute i Sogndal sentrum. Rykta om at ei busslast med utagerande supporterar var på veg til bygda gjorde at politiet valde å auke beredskapen.

Politiet hadde natt til søndag heile fire patruljar ute i Sogndal sentrum. Rykta om at ei busslast med utagerande supporterar var på veg til bygda gjorde at politiet valde å auke beredskapen.

MASSE POLITI PÅ PLASS: Det var uvanleg mykje politi i gatene i Sogndal natt til søndag. Årsaka var at dei frykta bråk med tilreisande fotballsupporterar.

Søndag kveld tek Sogndal fotball imot Lillestrøm på Fosshaugane. Ein del supporterar tek turen til bygda dagen før dagen, men ikkje alle er ute etter ei god oppleving.

Etter det NRK kjenner til skal det ha gått rykte om at ei busslast med såkalla casuals ville komme til Sogndal i løpet av kvelden. Såkalla casuals er grupperingar knytt til fotballklubbar som reiser rundt og ofte steller i stand bråk.

Venta utagerande supporterar

Operasjonsleiar Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt stadfestar at politiet valde å auke beredskapen i Sogndal sentrum i natt.

– Vi hadde opplysningar om at det skulle komme ein buss med supporterar som kunne vere litt meir utagerande enn Kanari-Fansen, seier Værøy til NRK.no og legg til:

– Difor valde ein å auke politibemanninga.

Då NRK snakka med politipatruljene i natt var dei klare til å gå til aksjon om det vart nødvendig.

Det er mange eksempel på at såkalla casuals har stelt i stand bråk i samband med fotballkampar.

– Ein førebyggjande effekt

Og det skulle vise seg at politiet gjorde rett. Litt over klokka 02 kom meldinga om at supporterar frå Lillestrøm sende opp fyrverkeri i sentrum. Etter det NRK kjenner til skal det ha vore snakk om både fyrverkeri og kinaputtar.

Folk som bur i Sogndal sentrum vart uroa av fyrverkeriet. Fotballpøblane skal også ha kasta kinaputtar på vegen opp til og i området ved Fosshaugane Campus.

Politiet som var i gatene tok hand om pøblane, men ifølgje operasjonsleiar Værøy var det ingen som måtte overnatte i arresten. Det skal heller ikkje ha vore personar som har blitt bøtelagt etter uroa i natt.

– Viste det seg å vere nødvendig med den auka beredskapen?

– Vi har ikkje andre meldingar, men vi meiner at dette hadde ein førebyggjande effekt, seier Værøy til NRK.no.

I tillegg til supporterbråket måtte politiet i Sogndal snakke til nokre høglydte festdeltakarar. Meldinga om støy kom like før klokka 02, men etter ein prat med politiet roa det seg og festdeltakarane forlét plassen.