Hopp til innhold

No er Førde sikra opprykk

Med 2–0 siger over Tornado Måløy kunne Førde endeleg sleppe jubelen laus. No er dei garantert opprykk til 2. divisjon.

Knut Erik Folland

OPPRYKK: Knut Erik Folland og Førde sikra seg laurdag opprykk til 2. divisjon.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Akkurat no har eg det heilt strålande, jublar Førde-trenar Knut Erik Folland etter kampen.

Førde har lenge hatt ei komfortabel leiing på 3. divisjonstabellen, men i det siste har Florø knappa innpå forspranget. Det var difor knytt stor spenning til dagens kampar, der Florø med siger over Årdal Fk kunne nærme seg ytterlegare.

Men i staden vann Førde 2–0 over gjestane frå Måløy. Florø på si side måtte sjå seg tapt på bortebane, ifølgje Firda.no si liveoppdatering. Med to kampar att er det no umogleg for Florø å hente inn att forspranget erkerivalane har fått seg.

Førde har no ei luke på ni poeng ned til Florø som ligg på andreplass.

– Det var ein god prestasjon i dag, og så har vi endeleg klart å avgjere dette, seier Folland til NRK.no etter kampen.

– Vi har sovna litt inn

Heilt sidan Førde vann 3–1 over Florø har det vore så godt som sikkert at det er sunnfjordlaget som sikrar seg opprykk. Men det har altså ikkje vore heilt bombesikkert før i dag.

Førde-trenaren vedgår at dei har vore ei utfordrande tid dei siste vekene.

– Vi har sovna litt inn den siste tida og ikkje prestert. Ein kjenner at det er trøkk rundt oss, og alle har venta at det skal gå bra, seier Folland.

Med tre nye poeng etter dagens kamp er det no ingen tvil lenger. Det er ein god følelse for både Folland og spelarane.

– Det er utløysande når vi no endeleg får det klart. No kan vi starte på planlegginga mot neste år, seier Folland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Her har Førde sikra seg opprykk til 2. divisjon

GLADE: Førde-trenar Knut Erik Folland til høgre i biletet seier han er ein svært glad mann i dag.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Ein fortent siger

Trenaren meiner 2–0 sigeren over Tornado Måløy var fortent, sjølv om det var gjestene som sende Førde opp i leiinga med eit sjølvmål etter berre eitt minutt.

– Eg synst vi i periodar er veldig gode. Vi har sju-åtte målsjansar, men ein fantastisk god keeper på Tornado Måløy bergar dei frå eit større nederlag, seier Folland.

– Vi er gode offensivt og trygge defensivt, seier trenaren vidare.

Har ikkje bestemt seg

Kor vidt det blir Folland som står ved roret når Førde går inn i 2. divisjon til neste vår er framleis usikkert. Folland har nemleg ikkje bestemt seg heilt enno.

– Det er sagt at vi skal gjere unna denne sesongen og så skal vi setje oss ned å sjå på framtida, seier Folland.

Mellom anna har det vore eit krav frå Folland at treningsforholda for fotballaget må bli betre. Slik det er no må spelarar og trenaren bruke mykje tid på å køyre til Sande og Eikefjord for å trene vinterstid. Det er ein situasjon Folland ikkje vil akseptere om han skal trene laget i 2. divisjon.

Det blir no jobba godt med framdrifta for den nye idrettsparken på Hafstad, ein park som vil gje heilt andre treningsforhold for fotballen i Førde.

– Kor sannsynleg er det at du er trenar for Førde neste år?

– Det er relativt stor sjanse for det, svarar Folland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Christoffer Hafsås

MATCHVINNAR: Christoffer Hafsås putta inn det andre målet til Førde vel ein halvtime ut i første omgang.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Ein fantastisk jobb

Førde-trenaren er full av lovord om prestasjonane til spelarane på laget.

– Eg synst spelarane har gjort ein fantastisk formidabel jobb i år.

– Dei har klart å halde seg oppe med beinhard trening, dei har stått på og reist mykje. Alt i alt har dei lagt ned ekstremt mykje for å nå dette målet, seier Folland.

Etter ein sesong nede i 3. divisjon er Førde altså klare for 2. divisjon igjen.

– Kva skal til for at dokke ikkje skal rykkje ned att med det same?

– På toppnivået vårt er vi gode nok til 2. divisjon, men vi må nok ha ein litt breiare tropp enn vi har no.

– Men får vi ein annan og meir funksjonell treningskvardag, der vi får trent meir og med meir kvalitet. I tillegg til ein breiare tropp, så skal vi klare mykje fram mot seriestart i april, seier Folland.

Andre resultat

Dei andre kampane i 3. divisjon avd. 08 laurdag enda slik:

  • Radøy/Manger – Eid: 3–2
  • Bergen Nord – Voss: 1–2
  • Stryn – Saga: 1–0
  • Årdal FK – Florø SK: 1–0
  • Øystese – Sotra: 1–1