Hopp til innhold

Skal du vinne her må du «dra til med drøvelen og heile pakka»

Skal ein vinne NM i plommesteinspytting må ein bokstavleg talt halde tunga rett i munnen. Vinnaren av årets meisterskap spytta over ni meter.

NM i plommesteinspytting

LANGT: Det er om å gjere å finne teknikken når ein skal spytte ein plommestein lengst mogleg.

Foto: Roar Werner Vangsnes

Det er under Fruktbare dagar på Leikanger at det heller uvanlege meisterskapet går av stabelen. I 15 år har det vore NM i plommesteinspytting her, og i år som tidlegare er det mange som let seg lokke med på konkurransen.

Roar Werner Vangsnes er ein eldsjelene bak arrangementet Fruktbare dagar, og han er godt nøgd med resultata.

– Dette er ein uhøgtideleg konkurranse for alle aldrar og vi har mykje moro, seier han til NRK.no.

– Det krev sitt

Mange er kanskje litt meir kjende med morellsteinspytting, eit meisterskap som går av stabelen i Hardanger kvart år. Men i Leikanger er det altså plommesteinsspytting det går i. Leikanger har over 100.000 frukttre og då er det kanskje ikkje så rart at bygda har sin eigen fruktfestival.

Fruktbare dagar går av stabelen første helga i oktober, og då er det ikkje sesong for morellar, men for plommer. Dermed blir det altså NM i plommesteinspytting.

Og det er ikkje berre, berre å skulle spytte ein plommestein. Plommesteinen er større enn morellsteinen og ein skal øve seg litt før ein får heilt teken på det.

– Det er ein stor og oval stein, så det krev sitt, seier Vangsnes.

(Artikkelen held fram under biletet)

NM i plommesteinspytting på Leikanger

MANGE: Det var mange som var med på konkurransen som blir heldt under Fruktbare dagar på Leikanger.

Foto: Roar Wernes Vangsnes

– Dra til med drøvelen

Under konkurransen må folk først ete seg inn til steinen. I år er det ein god sesong for plommer og etter å ha slafsa i seg dei store plommene er turen kome til sjølve spyttinga.

– Ein må leggje den godt i munnen og få den ut på best mogleg måte. Det er om å gjere å få ei god bane, forklarar Vangsnes.

Akkurat korleis ein skal gjere det er det mange forskjellige triks på. Dei som har vore med i gamet lenge har forklart det slik, seier han.

– Ein må leggje den på tunga, og så dra til med drøvelen og heile pakka, seier Vangsnes og legg til:

– Det er nokon som får det bra til, og andre dei får det ikkje til.

Trønder stakk av med sigeren

Roar Werner Vangsnes

GODT NØGD: Roar Werner Vangsnes er godt nøgd med resultata under årets NM i plommesteinspytting.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Den norske rekorden på plommesteinspytting er 10 meter og 60 centimeter. Denne rekorden er ifølgje Vangnes sett av ein lokal helt, Inge Harald Fridtun. Han var ikkje med under årets konkurranse.

I år vart det ikkje noko ny rekord, men ein tilreisande trønder kan skryte på seg NM-tittelen som beste plommesteinspyttar i Norge.

– Det var ein trønder som var på besøk som vann.

– Han kom inn og tok rotta på dei lokale heltane og det som måtte vere, flirer Vangsnes.

Med eit spytt på 9 meter og ti centimeter var det altså Petter Kristiansen som stakk av med sigeren. Etter å ha gjennomgått eldre resultatlister kan Vangsnes fortelje at denne Kristiansen også vann for to år sidan. Noko meir veit han eigentleg ikkje om vinnaren.

– Det er som eg seier, det er eit veldig uformelt meisterskap dette, humrar han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nm i plommesteinspytting

UTTRYKK: Det er mykje artige ansiktsuttrykk å følgje med på under eit slikt meisterskap.

Foto: Roar Wernes Vangsnes

Mange let seg lokke med

Vangsnes er godt nøgd med arrangementet og seier det er mange som blir lokka med.

Han seier konkurransen er lagt opp som ei uhøgtideleg hending midt i marknadsdagen. Det er ingen påmelding på førehand, men mange blir med.

– Folk er litt flaue, og nokon vil ikkje spytte. Men så får vi dei frampå likevel, ler han.

– Dei yngste var kanskje fire-fem år, medan den eldste var nesten 70.

Klassevinnarane i NM i plommesteinspytting

VINNARAR: Dette er dei 12 beste plommesteinspyttarane frå årets meisterskap.

Foto: Roar Werner Vangsnes

På biletet ser du frå venstre: Jey Petty (8 meter og 20 cm), Petter Kristansen (9 meter og 10 cm), Marit Anita Skrede (5 meter og 80 cm), Eli Merete Velle (6 meter og 40 cm), Alexander Nornes (4 meter og 10 cm), Live Randen (1 meter og 20 cm), Sverre Røyseth (5 meter), Marthe Røyseth (1 meter og 20 cm), Morten Velle (2 meter og 50 cm), Jaran Fardal (2 meter og 50 cm), Kristi Vangsnes (3 meter og 60 cm) og Hanna Krosshaug (4 meter og 15 cm).