Hopp til innhold

Store steinar dundra ned i vegen - vegen opna først fire timar seinare

Eit minst ti meter breitt steinras kom laurdag føremiddag dundrande ned i vegen mellom Skjolden og Luster på fylkesveg 55. Først fire timar seinare vart vegen opna.

Steinras ved Ottatunnelen på fylkesveg 55 i Luster

STENGD I FIRE TIMAR: Vegen var stengd i litt over fire timar etter at det losna store steinar i fjellsida.

Foto: Rotorfoto v/ Tage S. Moen

Om lag 11.15 laurdag føremiddag fekk politiet melding frå bilistar om eit steinras aust for Ottatunnelen på fylkesveg 55.

– Det er ikkje mogleg å passere staden, men det skal ikkje vere fare for personar i området, sa operasjonsleiar Kjetil Avsnes hos Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no like etter at raset har gått.

Både store og mindre steinar vart liggande i vegbana, i tillegg til tre og jord som har blitt drege med ned frå fjellsida.

SISTE: Fire timar etter at raset gjekk er vegen opna att. Ein geolog som har vore på staden seier det ikkje ser ut til at det skal kome ned meir rasmassar.

Ingen bilar vart trefte

Til alt hell var det ingen personar som kom til skade i raset.

– Var det bilar i nærleiken då raset gjekk?

– Det veit eg ikkje, men raset vart meldt om ganske tidleg vil eg tru, for meldinga kom frå bilar som kom ut av Ottatunnelen, og der var det stopp, sa Avsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no like etter at raset hadde gått.

– Ingen skal ha kome til skade, opplyste operasjonsleiaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinras på fylkesveg 55

TI METER: Raset er om lag ti meter breitt og det er både store og mindre steinar som ligg knuste i vegbana.

Foto: nrk-tipsar

– Det ligg steinar att i fjellsida

Linn Kathrin Øyre Standnes var ein av dei første som kom til rasstaden. Ho trur dei kom til kanskje berre nokre minutt etter at raset hadde dundra ned i vegbana.

– Det er både store og mindre steinar som ligg her, i tillegg til tre og litt jord, fortel ho.

Ho seier det var ei skremmande oppleving, og er glad det ikkje var bilar som vart råka av raset.

– Det ligg at litt i fjellet som ikkje har rast ned. Mellom anna ligg det steinar og støttar seg inntil nokre tre, seier Øyre Standnes til NRK.no.

Folk som bur i området skal ha fortalt at dei har venta på at det skulle rase i området, og at dette også er ein kjent plass der det har rasa før.

Seinast i november dundra ein stor stein ned i vegbana i same området.

Då Øyre Standnes valde å reise frå staden stod det til saman rundt 15 bilar å venta på at vegen skal opne.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinras ved Ottatunnelen på fylkesveg 55 i Luster

SLEPPOMRÅDE: Ein geolog frå Statens vegvesen har vore oppe i fjellsida. Ho vurderer at det er trygt å opne vegen att.

Foto: Rotorfoto v/ Tage S. Moen

Måtte ha geolog på staden

Politiet veit ikkje noko sikkert om årsaka, men trur nedbør kan ha vore ein utløysande faktor.

Vegen er sperra inntil raset er rydda. NRK får ved 11.30 tida opplyst frå Vegtrafikksentralen at mannskap og maskiner er på veg for å rydde vegen. Vel ein time seinare er det folk på plass.

Vegtrafikksentralen opplyste ved 12.30-tida at ein geolog er på veg. Geologen vil undersøke fjellsida der det altså skal ligge att rasmassar. Det er usikkert kva arbeid som må gjerast før vegen kan opne.

– Ikkje verre enn før

Geolog Reidun Nikolaisen frå Statens vegvesen var framme på staden rundt klokka 14.45 og ho har gjort undersøkingar av sleppområdet oppe i fjellsida.

Ut frå denne vurderinga vart det bestemt at vegen kunne opne att klokka 15.22 – fire timar etter at vegen vart stengd av raset.

– Det har kome ned ganske mykje stein, seier Nikolaisen til NRK.no etter at ho har vurdert rasområdet.

Nikolaisen seier dei har vore oppe i fjellsida og sett på området der steinane losna og at det ser relativt reint ut.

– Vi klarer ikkje å sjå noko som er på veg nedover, seier geologen.

– Vi reknar ikkje med at det er noko verre her no enn det var før, legg ho til.

steinras mellom Skjolden og Fortun

MØTT AV STORE STEINAR: Det var eit skremmande syn som møtte bilistane like ved Ottatunnelen på fylkesveg 55 laurdag føremiddag.

Foto: nrk-tipsar
Steinras ved Ottatunnelen på fylkesveg 55 i Luster

DUNDRA I VEGEN: Det var både store og små steinar som dundra i vegen laurdag føremiddag. Fire timar seinare er vegen opna att.

Foto: Tage Skjaak Moen/rotorfoto.no