Hopp til innhold

Må stengje ned Gjøa i 14 dagar

På grunn av ein sveisefeil må Gjøa-plattforma utanfor Florø stengast ned i to veker.

Gjøa plattform

MÅ STENGJE: På grunn av ein sveisefeil må Gjøa-plattforma stengast ned i to veker.

Kommunikasjonssjef i GDF Suez E&P Norge, Ulf. E. Rosenberg, seier til Aftenbladet.no at feilen vart oppdaga i august.

Det skal vere snakk om ein sveisefeil i korrosjonsbelegget på ein separator. Denne har som oppgåve å skilje gass og væske. I verste fall kan ein slik sveisefeil i ein separator føre til at gass kan leke ut, noko som kunne ha ført til ei større gasslekkasje, skriv avisa.

Feilen gjer no til at selskapet stengjer ned produksjonen i to veker.

– Vi stoggar produksjonen i byrjinga av november og held stengt i fjorten dagar, seier Rosenberg til Aftenbladet.no.

Kva reparasjonane vil koste og korleis ein skal fordele rekninga vil selskapet ikkje spekulere i. Rosenberg seier dei har fokus på å avdekke og fikse problemet.

Gjøa-plattforma ligg om lag 60 kilometer vest for Florø og er den plattforma som ligg nærast land i Norge. Kvar dag blir det eksportert olje og gass for 80 millionar kroner herfrå.