Hopp til innhold

Beslagla nok eit førarkort

Utrykkingspolitiet stogga fleire hastige bilistar i ei 60-sone i Eid fredag. Ein av dei måtte levere frå seg førarkortet.

Patruljen hadde stilt seg opp i ei 60-sone på riksveg 15 fredag ettermiddag. I fire timar målte dei farten til dei som køyrde forbi.

Seks av bilistane som vart kontrollert måtte reise vidare med forenkla førelegg fordi dei var for harde på gassen.

Ein bilførar var så hard på gassen at han måtte ta beina fatt etter kontrollen. Vedkommande vart målt til 102 km/t i 60-sona og måtte levere frå seg førarkortet på staden. Saka er meld.

Sidan nyttår har UP i fylket hatt to patruljar, medan dei i fjor hadde ei. Så langt i år har Utrykkingspolitiet teke beslag i tre gonger så mange førarkort som på same tid i fjor.