Hopp til innhold

Skal du setje på denne i kveld?

Er du blant dei som set på oppvaskmaskina før du går til sengs? Ikkje gjer det er den klare oppmodinga frå brannvesenet.

Oppvaskmaskin

KLAR TIL I MORGON? Likar du å vakne til ei oppvaskmaskin med reine koppar og kar? Brannvesenet ber folk om å ikkje la maskina stå på nattetid.

Foto: Scanpix

Fem hundar og ein katt miste torsdag kveld livet etter kraftig røykutvikling i eit bustadhus i Kvammen i Askvoll. Ein ung gut kom heim til eit hus fullt av giftig, svart røyk og måtte sjølv sendast til sjukehus.

Alt tyder på at årsaka til branntilløpet er ei oppvaskmaskin. No ber brannvesenet folk om å ikkje bruke slik apparat når dei sjølv ikkje er heime.

– Ein kan ikkje vere trygge, det oppstår stadig brann i elektriske apparat, seier beredskapsleiar Bjørn Berge i Førde brannvesen.

Ser mange med same vanen

Du kjenner deg kanskje att i følgjande scenario: Etter ein ettermiddag med gjester i huset er kjøkkenbenken full av skitne koppar og kar. Vasken full av tallerkenar frå middag, dessert og kveld, medan bestikkskuffa er nesten tom.

Du fyller opp oppvaskmaskina, og gler deg over endeleg å ha litt orden. Men kva gjer du så? Skal du setje på oppvaskmaskina og la den gå medan du sjølv legger deg, eller skal du sitje oppe å vente til den er ferdig?

Beredskapsleiaren i Førde brannvesen seier dei stadig vekk opplever både brannar og tilløp til brann i elektriske apparat som oppvaskmaskin, vaskemaskin og tørketrommel.

Når dei er ute på tilsyn hos folk ser dei at folk sine vanar ikkje er slik dei ønskjer.

– Det vi ofte ser er at folk slår på oppvaskmaskin og slike ting når dei legger seg, seier Bjørn Berge.

Tusenvis har opplevd slike brannar

Ifølgje ei undersøking som forsikringsselskapet Gjensidige har gjort har åtte prosent av alle nordmenn, eller 300.000 av oss opplevd brann i elektriske hushaldningsapparat.

Komfyren er det apparat som toppar lista over brannfarlege apparat i heimen. Etter den på lista kjem vaskemaskina, oppvaskmaskina og tørketrommelen.

– Det er i hovudsak elektronikken som sviktar i desse maskinene medan dei er i arbeid. Det verste ein kan gjere er å setje på maskina om kvelden før ein legg seg, seier Odd Rød som er fagdirektør for brann i Gjensidige til NRK.no.

– Folk bør vere vakne

– Eit generelt råd er at dei ikkje set på produkt som til dømes oppvaskmaskin, tørketrommel eller vaskemaskin når dei legger seg, oppmodar brannmannen.

For sjølv om det har blitt jobba mykje med å gjere slike elektriske produkt tryggare kan ein ikkje stole på at det ikkje skjer noko.

– Folk bør vere i huset og vere vakne når dei står på, seier Berge i brannvesenet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjørn Berge

IKKJE GJER DET: Brannmann Bjørn Berge ber folk vere heime og vakne når dei set på vaskemaskina eller tørketrommelen.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Gir klare råd til kundane

Hos Euronics i Førde seier dagleg leiar Steinar Aase at folk flest er flinke til å lytte på dei åtvaringane som blir gitt. Aase seier dei fortel til folk som kjøper nye produkt at det er eit tydeleg skilje mellom natt og dag.

– Vi er klare på at når ein søv og det er fare for at liv kan gå tapt, så skal ein ikkje ha på desse produkta, seier Aase til NRK.no.

Mange kan kanskje tenkje at det ikkje er så stor skilnad på det at kjøleskapet eller frysen står på heile tida, og at ein set på oppvaskmaskina nokre timar på natta. Men det er det fortel Aase.

– Det er meir elektronikk knytt til produkt som for eksempel oppvaskmaskin og tørketrommel, seier han.

– Trekk ut kontakta

Sjølv om dei elektriske apparata vi har i heimen har blitt tryggare dei seinare åra er det altså mykje opp til folk flest. Å ikkje bruke oppvaskmaskina om natta er ein ting, men også det å dra ut stikkontaktar er ein enkel måte å gjere det tryggare i heimen på.

– Kaffitraktar og vasskokar og slike ting som ein ikkje har behov for at står tilkopla er det berre å dra ut stikkontakta på, oppmodar Berge.

Aase seier dei også oppmodar folk om å trekkje ut stikkontakta på mobilladarar når dei ikkje er i bruk.

Åstadsgransking måndag

Huset i Kvammen der dei seks dyra omkom torsdag kveld har fått så store røykskadar at det ikkje går an å bu der. Spor på staden tyder på at røykutviklinga har kome frå ei oppvaskmaskin.

Straffesaksansvarleg i Sunnfjord, Knut Hansen ved Førde lensmannskontor, opplyser at politiet tidlegast kjem til å gjennomføre åstadsgransking måndag.

Saka vert etterforska ved lensmannskontoret i Førde.