Hopp til innhold

1100 pasientar står utan fastlege

Det er stor mangel på legar i Vågsøy. Over tusen pasientar står utan fastlege og kommunelegen meiner situasjonen er så alvorleg at ein må gjere grep for å sikre rekruttering til distriktet.

Trond Inselseth

PROBLEM: Kommunelege Trond Inselseth seier dei er svært vanskeleg å få på plass nye legar i Ytre Nordfjord.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Slik det er i dag manglar Vågsøy to legar og 1100 pasientar har ikkje fastlege, skriv Fjordenes Tidende.

Kommunelege Trond Inselseth seier situasjonen no har gått frå god til dårleg og beklagar at ting er blitt som dei er.

– Det er beklageleg at vi er i ein slik situasjon, pasientane har no ikkje eit reelt val på fastlege, seier Inselseth til NRK.no.

Forgubbing og rekrutteringsproblem

Forklaringa på at legedekninga i kommunen no er blitt så dårleg er ifølgje Inselseth den same som i andre kommunar der ein slit med å få nok legar. Forgubbing og problem med å rekruttere nye legar til distrikta.

– Vi har hatt ei stabil legedekning over fleire år, men gamle legar blir eldre og vi er i ferd med å få den forgubbinga som vi har elles i fylket, seier Inselseth.

I tillegg har to legar nyleg gått ned til halv stilling, medan ein av dei seks fastlegane kommunen har i dag er over 67 år og har færre pasientar enn dei andre.

Inselseth seier kommunen har store problem med å få på plass nye legar.

– Det er vanskeleg å få kvalifiserte søkjarar til primærlegar i Ytre Nordfjord og i vårt tilfelle Vågsøy.

– Når vi lyser ut stillingar får vi få søkjarar, seier kommunelegen til NRK.no.

Har klart å unngå ventetid

Alle som bur i ein norsk kommune har ein lovfesta rett til å stå på lista hos ein fastlege. Ein skal også ha høve til å bytte fastlege, skriv Fjordenes Tidende. Men i Vågsøy er det altså 1100 personar som ikkje har denne moglegheita.

Inselseth beklagar dette, men seier legane i kommunen til no har klart å unngå lang ventetid.

– Vi har greidd det ganske bra til no. Vi har ein stabil vikar og vi har ei god organisering av legetenesta.

Meiner noko må gjerast

Kommunelegen har ikkje noko god løysing som kan lette på problema på kort sikt. Men noko må gjerast for å sikre betre rekruttering av legar til distrikta.

Han viser til at det blir utdanna fleire legar no enn tidlegare, og at det også er ei tilstrøyming av utanlandske legar. Men slik Inselseth opplever det er det sjukehusa og dei sentrale stroka som får mesteparten.

– Lik alle andre i samfunnet søkjer nyutdanna legar seg i dag gjerne til arbeid som skjer på dagtid, der dei slepp vaktordningar og liknande, seier han og legg til:

– Det som kan vere eit alternativ er at vi får dei same vilkåra for rekruttering som til Nord Norge. Til dømes betre skattefordelar og utvida ferieordningar, seier Inselseth til NRK.no.

– Er utfordringa så stort at dette må til?

– Ja, eg trur at dette kan vere ein aktuell måte å få fleire søkjarar til dei ledige stillingane våre, seier Inselseth.