Hopp til innhold

Nordlending fengsla etter raid

Nordlendingen stal først ein bil i Mo i Rana før han gjorde fleire grove innbrot i Sogn og Fjordane. No er mannen i byrjinga av 20-åra varetektsfengsla i fire veker.

Tjuvegods frå innbrot i Sunnfjord og Nordfjord

FENGSLA: Mannen frå Nord-Norge vart fredag framstilt for varetektsfengsling. Fjordane tingrett bestemte at mannen må sitje i varetekt i fire veker framover. Politiet fann mellom anna tobakken som var stolen i Hyen for ei tid tilbake.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Det er avisa Firda som fredag ettermiddag skriv om vinningsforbrytaren som den siste tida har teke seg til rette fleire stader i fylket.

Både i Nordfjord og i Sunnfjord har mannen stole alt frå pengar, tobakk, sprit, verktøy og andre gjenstandar.

Til saman er det ni butikkar og bedrifter i Naustdal, Førde, Nordfjordeid, Hyen og Sandane som har hatt besøk av mannen meiner politiet.

Mannen vart onsdag denne veka arrestert i Dale og vart i dag framstilt for varetektsfengsling i Fjordane tingrett, skriv avisa.

Fann tjuvegods

Lensmann Jan Egil Tvinde ved Førde og Naustdal lensmannskontor seier til Firda at han er godt nøgd med at politiet har klart å tak i mannen.

– Den sikta har stole ein bil og reist over halve Norge for å gjere innbrot. Vi er veldig godt nøgde med at vi har fått fatt på han så raskt, seier lensmannen til avisa.

Politiet har gjort funn av tjuvegods frå fleire av dei ulike innbrota den siste tida. Tvinde seier til NRK at mannen har erkjent seks av tjuveria, men at dei må vente å sjå om mannen vil erkjenne fleire av dei etter kvart.

– Det kjem an på bevisførsel og på den sikta, seier Tvinde til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tjuvegods som politiet fann hos nordlending i 20-åra

TJUVEGODS: Ein XBOX, fleire spel til XBOX og diverse verkty er blant tinga som politiet fann hos nordlendingen.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Prøvde å selje tobakk – vart arrestert

Tvinde seier til NRK.no at dei kom på sporet av den stolne bilen som stamma frå eit tjuveri på Helgeland. I tillegg fekk dei tips frå folk om at ein mann prøvde å selje dei tobakk.

Dette førte til at politiet onsdag denne veka kunne arrestere mannen i Dale og det var då dei fann tjuvegodset.

– Tobakken stamma frå det grove tjuveriet i Hyen, seier Tvinde til NRK.no.

Kjend for politiet

Nordlendingen var i sommar ferdig med å sone ei lengre fengselsstraff for vinningskriminalitet. Kort tid etter at han kom ut vart han varetektsfengsla for nye forhold i Nord-Norge.

Då han slapp ut frå varetekt for to veker sidan sette han kursen mot Sogn og Fjordane. No er han altså varetektsfengsla for fire veker.

– Dette er ein som driver mykje med vinningskriminalitet og biltjuveriet. Vi er veldig nøgde med at vi har tatt han og sett han i fengsel, seier Tvinde til NRK.no.

Hadde ikkje politiet arrestert mannen hadde det truleg blitt fleire som hadde fått han på besøk.

– Han hadde nok heldt fram med grove tjuveri til vi tok han, så det er veldig viktig at vi får stogga slike folk fort, seier lensmannen til NRK.no.

Tjuvegods som politiet fann hos nordlending som hadde vore på raid i Sunnfjord og Nordfjord

HÅRPRODUKT: Politiet meiner mannen står bak til saman ni innbrot på forskjellige butikkar og verksemder. Her er det diverse hårutstyr som politiet fann hos den no fengsla mannen.

Foto: Torje Bjellaas / NRK