Hopp til innhold

Må stengje E16 i to veker til

E16 over Filefjell har allereie vore stengd på vekedagane i snart åtte veker. No viser det seg at det står så mykje arbeid att at vegen må vere stengd i to veker til.

Filefjell

RASA UT: Utglidingar har ført til utfordringar for arbeidet mellom Smedalsosen og Borlaug. Dette gjer no til at vegen må vere stengd på vekedagane i to veker lenger enn først planlagt.

Foto: Statens vegvesen

E16 mellom Smedalsosen og Borlaug på Filefjell har vore stengd sidan 20. august. Ei fjellskjering på kring 30 meters høgde har blitt sprengd ned som ledd i utbetringa av vegen over fjellet.

Men arbeidarane har møtt på store utfordringar ved den høge fjellskjeringa ved Maristova. Ustabilt fjell har ført til ukontrollerte utglidingar.

Etter planen skulle vegen vere stengd på vekedagane i åtte veker frå 20. august, men på grunn av utglidingane har vegen no vore heilt stengd dei siste tre vekene.

Statens vegvesen melder at vegstrekninga vil opne som planlagt den 12. oktober, men at det står att så mykje sprengingsarbeid i fjellskjeringa av det også vil bli stengingar framover seinhausten..

Opnar att til neste helg

– Entreprenøren har gjort ein stor innsats for å kunne opne vegen til den 12. oktober, men mykje arbeid står likevel att, seier prosjektleiar for E16 Filefjell, Oddvin Ylvisaker.

Vegen opnar for trafikk fredag 12. oktober kl. 14:00, men vert stengd igjen veke 42 og 43 frå måndag kl. 07:00 til fredag kl. 14:00.

Prosjektleiaren har tidlegare forsikra om at problema ikkje skal ha noko å seie for framdrifta og at utbetringsarbeidet over Filefjell skal vere heilt ferdig sommaren 2014.

Vil ta omsyn til vêr og bilistar

Vegvesenet er fullt klar over at E16 over Filefjell er den av fjellovergangane mellom aust og vest som blir rekna som det naturlege valet i periodar med dårleg vêr. Når det er uvêr på fjella er det på Filefjell forholda er best.

I veke 42 og 43 vil Vegvesenet difor ha ein beredskap som gjer det mogleg å opne vegen dersom føreforholda på omkøyringsvegane tilseier det.

Arbeidet i fjellskjeringa vil gå føre seg ved at ein sprenger ei salve, og deretter lastar ut massar og sikrar fjellsida før neste salve blir sprengt. Dermed har ein kortare reaksjonstid og kan tilpasse opning og stenging ut ifrå vêrtilhøva.

Stengingar i korte periodar

I slutten av oktober skal ein ha rydda dei største høgdene i skråninga, og då kan arbeidet gå parallelt med trafikk på vegen. Vegen vil berre bli stengt i kortare periodar, under sprenging og opprydding.

Ved å halde fram arbeidet ut over seinhausten kan prosjektet ha ei rasjonell anleggsdrift, og ein slepp opphoping av sprengingsarbeid neste sommar, melder Vegvesenet.