Hopp til innhold

Tjuvar robba butikk for motorsager

Dei visste tydelegvis kva dei skulle gå etter, tjuvane som natt til i dag stal alle motorsagene frå FK Butikken i Lærdal.

Ingrid Eri på FK Butikken i Florø

TOMME ESKER: Assisterande butikksjef Ingrid Eri har berre eskene hatt etter at nokon har stole motorsagene.

Foto: Jan Christian Jerving

Assisterande butikksjef Ingrid Eri blei møtt av eit trist syn då ho kom på jobb i kvart over åtte-tida fredag morgon.

– Dei tok kun med seg motorsager av typen Stihl, det var visst det dei ville ha med seg. Det er ikkje stole noko anna. Det er berre motorsagene som er stole, men butikken var jo full i alt mogleg anna også, seier Eri.

I alt fekk tjuvane med seg 13 motorsager frå butikken, alle frå produsenten Stihl, men med ulike modellnummer.

Fjerna rute i port

Ingrid Eri på FK Butikken i Lærdal

TRIST SYN: Ingrid Eri seier tjuvane visste kva dei ville ha.

Foto: Jan Christian Jerving

Tjuvane kom seg inn i butikken, som Lærdal Grønt driv i lag med Felleskjøpet, ved at dei fjerna ei rute i ein port på veggen mot Lerum sitt anlegg. Her stod det til og med ein trailer frå Lerum, med sjåføren sovande i. Men heller ikkje han har merka noko i løpet av natta.

– Eg har jo snakka med ein del folk her, men vi kan ikkje akkurat seie at vi har fått så mange tips enda. Eg var på jobb sist rundt klokka 22 i går kveld, så det har jo skjedd mellom då og klokka halv sju, kvart på sju, i dag tidleg. Då byrjar jo dei på Lerum og jobbe, seier Ingrid Eri.

stihl

STAL SLIKE: Motorsager frå Stihl, mellom anna av denne modellen, vart stole frå FK Butikken i Lærdal i natt.

Etterlyser bubil

Politiet har vore på staden og sikra seg spor, og oppmodar folk som har sett noko i området om å melde frå så snart som råd er. Dei etterlyser og ein utanlandsk bubil som var i området torsdag ettermiddag.

– Det tjuvane ikkje har tenkt på er jo at vi kan spore dei fram att med serienummer på dei. Om nokon finn dei, så kan ei finne ut kvar dei opprinneleg kom frå, sler assisterande butikksjef Eri fast.

Dette var andre gongen FK Butikken i Lærdal har hatt vitjing av tjuvar på jakt etter motorsager.

– Det er ei slik vare som er lett omsetjeleg, spesielt i utlandet, meiner Eri.

FK Butikken i Lærdal

TO INNBROT: To gonger har tjuvar vore på motorsagjakt i FK Butikken i Lærdal. Natt til i dag tok tjuvar med seg 13

Foto: Jan Christian Jerving