Hopp til innhold

«Eg hadde ikkje klart meg utan søstra mi»

Eli Kari Gjengedal var sjølv heilt avhengig av hjelp frå familien for å få småbarnslivet til å gå i hop med full jobb. Men når ein har verdas beste syster, så ordna det meste seg.

Eli Kari Gjengedal

PÅ PLASS I STUDIO: Eli Kari Gjengedal har budd mange år i Bergen, og var med på direkten i morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane frå NRK sitt radiostudio på Minde.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

I dag tidleg debuterte verkjendisen frå Leikanger i Fredagspanelet i morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane, og som venta hadde den munnrappe sognejenta meiningar om det meste.

Ikkje minst då ein debatterte den nye boka til Olaug Nilssen, der ho tek til orde for deltidsarbeidande kvinner. For Eli Kari Gjengedal var det å gå ned i stillingsprosent aldri aktuelt då ho sjølv vart mor for sju år sidan.

Tok permisjon åleine

– Eg tok permisjonen aleine og så kort som mogleg, for å seie det slik. Sambuaren min driiv eige firma, og vi står på og jobbar. Men eg hadde ikkje klart meg utan søstra mi, fortalde Eli Kari til radiolyttarane.

GULLRUTEN 2012

RIKSKJENDIS: Eli Kari Gjengedal var hjarteleg tilstades då TV-bransjen feira seg sjølv under årets utgåve av Gullruten. Her saman med Birgitte Lund Nakken (t.v.) fra TV Norge.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

For medan andre gjerne har besteforeldre i nærleiken som stiller opp mykje for at småbarnskvardagen skal gå i hop, fekk ho og sambuaren svært god hjelp frå systra til Eli Kari.

– Eg har verdas beste storesøster som bur på Bønes i Bergen, og ho har stått på og hjelpt meg, så takk for det. Hadde det ikkje vore for ho så kan det hende vi hadde vore nøydd til å tenkt tanken om aupair.

Veldig glad i å jobbe

Ho legg til at det sjølvsagt må vere eit val kvar einskild kvinne må stå for, men for ho var ikkje det å gå ned i deltidsstilling noko alternativ.

– Eg er veldig glad i å jobbe, og eg angrar ikkje på det no. Nokon seier til meg at eg kanskje vil angre på det når eg blir gamal, grå og pensjonist. Men eg tenkjer slik, lukkeleg mor og lukkeleg barn. Men det er klart det er kjempetravelt, sa Eli Kari i Fredagspanelet.

Ho, som så mange andre med ho, skulle nok ønskt at ho hadde tid og moglegheit til å jobbe mindre.

Hadde det ikkje vore for ho så kan det hende vi hadde vore nøydd til å tenkt tanken om aupair

Eli Kari Gjengedal

Klar for ny jobb i NRK

– Eg skulle på mange måtar ønskt at eg var ein slik person som kunne jobbe halv jobb, men skal eg leve og drive på med dei tinga eg likar så kostar det pengar. Og er nøydd for å sope inn desse pengane på ein eller annan måte. Eg har rett og slett ikkje råd til å gå i halv stilling, fortalde Gjengedal.

Ho er utdanna ingeniør innan miljøfag, men har i mange år vore ein av dei meste populære verfolka i TV2 gjennom jobben i Storm. I tillegg til har ho skrive og utgjeve fleire bøker. No ventar ny jobb i NRK. Det å delta i Fredagspanelet tykte ho var kjekt.

– Eg gjer jo dette med litt skrekkblanda fryd, men aller mest fryd, sa ei morgonblid Gjengedal.