Med ein omsetnad på nær tre milliardar er Fjord1 klart størst av verksemdene her i fylket.
Men på 3. plass finn ein Coast Seafood. Fiskerigiganten er den klart største industriaktøren, og saman med Nordfjord Kjøtt AS og eigarselskapet Legula AS, fører det Nordfjord inn på toppen av dei private bedriftene.
Få i Indre Sogn
For medan 42 av dei 100 største bedriftene i fylket ligg i Nordfjord, og 29 i aksen Førde-Florø, har berre fire av dei største selskapa tilhald i Indre Sogn.
Det betyr at regionen står nesten utan lokale eigarskapsmiljø, rett før to av kommunane, Årdal og Lærdal, skal inn i nye avgjerande omstillingar.
No meiner næringslivsfolk at regionen må slutte å rope på staten og stole på eigne krefter, med klar hentyding til ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid sitt utspel i går om at ein på nytt vonar på offentleg hjelp i ei krisetid.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Ikkje stol på staten
– Ein må ned på ein 25. plass før ein finn Lerum. Så må ein ned på 49. plass før ein finn neste som er Sognekraft.
Også direktør i Innovasjon Norge, Halvor Flatland, ser stor skilnad på næringslivet i fylket.
- Om vi dreg parallellen til Måløy til dømes, så ser vi jo at der gror gründermiljøet. Ein har ikkje den driven i Indre Sogn, dessverre,
Flatland er samd med Stalheim i at ein i kriseråka Årdal no må stole på andre enn staten.
– Eg trur ein skal leite etter litt andre strategiar enn det som var valgt i forrige runde, sler Flatland fast.