Hopp til innhold

Vil vere med og utgreie storkommune

Solund kommunestyre seier samrøystes ja til å bli med på å utgreie kommunesamanslåing med Hyllestad, Fjaler og Askvoll.

Ole Gunnar Krakhellen

SEIER JA: Ordførar Ole Gunnar Krakhellen (H) og resten av Solund kommunestyre seier ja til ei utgreiing av kommunesamanslåing i HAFS-regionen.

Foto: Steinar Lote / NRK

Ordførar Ole Gunnar Krakhellen seier til NRK at dette ikkje betyr at Solund er klar for samanslåing, men dei vil vere med på debatten.

Han ser at sentraldirigert tvangssamanslåing av kommunar kan bli ein realitet i framtida, og då er det ein fordel å ha vore med på utgreiing.

Samferdsle viktigast

– For øykommunen Solund vil uansett kommunikasjon vere avgjerande. Eg trur det skal mykje til før det blir rett for Solund å gå inn i ei kommunesamanslåing fordi vi har lange reiseavstandar, seier Krakhellen.

Krakhella ferjekai

ØYKOMMUNE: Solund har det lågaste folketalet i Sogn og Fjordane, og er einaste kommunen utan fastlandssamband. Her frå ferjekaia på Krakhella.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det minste vi må ha om vi skal vere ein del av ein større kommune er ei ferje betydeleg raskare enn den vi har i dag. For vi kan ikkje leve med ei reisetid på ein time med ferje til fastlandet.

– Ei hand på rattet

Han meiner det var heilt rett gjort av kommunestyret å stå samrøystes bak utgreiinga om ein «HAFS-kommune».

– Vi ser at kommunestruktur er på dagsorden og då fann kommunestyret ut at det er betre at vi er med på eit utgreiingsarbeid no, der vi har ei hand med på rattet i utgreiinga, meiner ordføraren.

– Då kan vi få vere med å påverke og passe på at det vert utgreidd tema som er viktige for Solund, seier Krakhellen og syner særleg til dei samferdslemessige utfordringane.

Må ha fakta på bordet

Han tykkjer det er viktig at ein no får alle tal, fakta og vurderingar på bordet gjennom ei utgreiing.

– Det kan vere greitt å syne at vi er ikkje redde for å syne kva som er realitetane bak og moglegheitene for kommunesamanslåing. Så kan det jo vere greitt å ha litt i bakhand den dagen det eventuelt skulle bli snakk om tvang.

Kortare til Bergen

Krakhellen registrerer at NHO-direktør Jan Atle Stang ser føre seg ei heilt anna løysing, med berre fire kommunar i eit framtidig Sogn og Fjordane.

– Spenstig, men eg synes det er løye at når NHO tenkjer så fritt om kommunegrenser at dei då let seg sperre inne av fylkesgrensene. Det er klart at dersom ein skulle sjå på så store kommunar, så er reisetida i bil for ein person frå Solund kortare til Bergen enn til Florø, sler Krakhellen fast.