Hopp til innhold

Slik var natta hos politiet

Ein bilførar ana nok fred og ingen fare då han kom køyrande gjennom Lærdalsdalen. No har bilføraren blitt fotgjengar.

Politibil

UT PÅ TUR: Utrykningspolitiet jobbar både seint og tidleg. (illustrasjonsbilete)

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Utrykningspolitiet sine folk tok nattbrillene på seg i natt, og stilte seg opp ulike plassar langs E16 i Lærdalsdalen. Og dei fekk fangst kring klokka 02.30.

– Ved Ljøsne skule i 60 sona, vart ein bilførar anmeldt for å ha køyrt i 94 km/t. Førerkortet vart kverrsett. Fire andre bilførarar fekk utferdiga forenkla førelegg under samme kontrollen, heiter det i politiloggen.

Den same patruljen hadde også kontroll i 80-sona i Lærdalstunnelen og i 60-sona på Tønjum. To personar fekk med seg solide bøter derifrå.

Ved Hornindalsvatnet måtte ein hjort bøte med livet etter eit ublidt møte med ein bil langs riksveg 15.. Politiet fekk melding om påkøyrsla klokka 02.33.